Hopp til hovedinnhold

Fagrelevans og sentrale verdiar

Geografi er eit sentralt fag for å forstå samspelet mellom natur og menneske. Faget skal bidra til at elevane ser samanhengar mellom ressursbruk, natur, miljø og samfunn, og kva konsekvensar naturskapte endringar har for menneska. I geografi skal elevane utforske og observere geografiske forhold og lære faget ved å reflektere over lokale og globale problemstillingar. Faget skal bidra til at elevane utviklar miljømedvit og tek ansvarlege val no og i framtida.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Geografi skal bidra til at elevane utviklar engasjement, utforskartrong og kritisk tenking og byggje opp under kunnskap om og respekt for natur og miljø. Faget skal bidra til at elevane blir deltakande medborgarar i samfunnet med etisk medvit og vilje til å tenkje og handle berekraftig. Faget skal gi elevane innsikt i og forståing for korleis samspelet mellom natur og menneske er ein del av samisk kultur og levemåtar.

Kjerneelement

Elevane skal kunne utforske, gjennomføre undersøkingar og vere aktivt skapande, med utgangspunkt i nærmiljøet sitt, for å utvikle geografisk forståing. Dei skal òg kunne bruke informasjon frå ulike typar kjelder og kritisk vurdere kor pålitelege og relevante desse kjeldene er.

Elevane skal kunne forstå samanhengar mellom natur og samfunn som rammer for livsgrunnlag og levekår. Med utgangspunkt i si eiga livsverd skal elevane utvikle forståing for geografisk mangfald og variasjon og identifisere likskapar og forskjellar mellom ulike geografiske nivå.

Elevane skal kunne vurdere bakgrunn for, konsekvensar av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling. Dei skal òg kunne drøfte spenningane mellom dei sosiale, miljømessige og økonomiske aspekta ved berekraftig utvikling og vurdere berekraft på ulike geografiske nivå.

Tverrfaglege tema

I geografifaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane skal utvikle kunnskap om årsaker til og konsekvensar av klimaendringar og fordeling og bruk av ressursar no og i framtida. Elevane skal lære om kva konsekvensar endringar i lokaliseringa av næringsliv, arealbruk, auka globalisering og teknologisk utvikling kan ha for natur og menneske. Gjennom geografifaget skal elevane reflektere over problemstillingar som synleggjer at berekraftig utvikling handlar om å sjå sosiale, økonomiske og miljømessige forhold i samanheng.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i geografi inneber å kunne presentere eige arbeid med geografiske tema og å kunne forklare og drøfte problemstillingar ved å argumentere, lytte og gi respons. Gjennom å delta i munnlege aktivitetar kan elevane setje ord på sin eigen læringsprosess og kompetanse i geografifaget.

Å skrive i geografi inneber å utforme og arbeide med faglege tekstar tilpassa formålet, for å dele, formidle og presentere informasjon skriftleg. Ved å skrive i geografi kan elevane strukturere tankar, planleggje arbeid og dokumentere observasjonar. Å skrive i geografi inneber òg å utforske, beskrive, drøfte og vurdere geografiske forhold og å bruke og vise til kjelder.

Å lese i geografi inneber å utforske, tolke og reflektere over innhaldet i ulike kjelder som tekst, kart, bilete, figurar og statistikk. Vidare inneber det å finne informasjon og bevisst velje og velje bort ulike kjelder, å kjenne att argumentasjon og å skilje mellom meiningar, fakta og påstandar.

Å rekne i geografi inneber å kunne innhente, arbeide med, tolke, samanlikne og vurdere talmateriale, tabellar og grafiske framstillingar. Ved å rekne i geografifaget kan elevane betre forstå geografiske forhold og finne grunngjevingar for geografiske samanhengar.

Digitale ferdigheiter i geografi inneber å kunne bruke digitale ressursar til å finne, behandle og navigere i digitale kjelder, utøve digital kjeldekritikk og velje ut informasjon i digitale kjelder, inkludert digitale kart. Dei digitale ferdigheitene inneber òg å kunne bruke digitale ressursar til å utforme faglege produkt og lage geografiske illustrasjonar for å presentere og utvikle fagleg kompetanse.

Kompetansemål og vurdering

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
  • utforske og presentere geografiske forhold og prosessar ved å bruke ulike kjelder, inkludert kart
  • gjere greie for korleis indre og ytre krefter har danna ulike landskap, og utforske og gi døme på korleis menneska som bur der, kan utnytte ressursane
  • drøfte ulike interesser knytte til ressurs- og arealbruk i Noreg, Sápmi/Sábme/Sáepmie og nordområda
  • reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • utforske kva endringar i klimaet har å seie for natur og samfunn lokalt, regionalt eller globalt
  • utforske og gjere greie for årsakene til ein aktuell natur- eller miljøkatastrofe og konsekvensar for menneske, samfunn og natur
  • gjere greie for årsaker til demografiske endringar og drøfte ulike levekår i forskjellige delar av verda
  • gjennomføre eit feltarbeid for å undersøkje og presentere geografiske forhold

Vurderingsordning

Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og medier og kommunikasjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering: Eleven kan trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og medier og kommunikasjon: Eleven kan trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.

Vg1 utdanningsprogram for studiespesialisering: Privatisten skal opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.

Vg2 utdanningsprogram for idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur og medier og kommunikasjon: Privatisten skal opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.