Hopp til hovedinnhold

Fagrelevans og sentrale verdiar

Arkitektur og samfunn handlar om å forstå korleis dei bygde omgivnadene påverkar menneske i livet og handlingane deira. Gjennom at elevane får arbeide med praktisk idéutvikling, eksperimentering og utforsking i ulike materiale, bidreg faget til at dei får større forståing av den rolla arkitekturen speler i samfunnet. Faget skal gi elevane høve til å setje arkitektur inn i ein større samanheng gjennom at dei får arbeide kreativt og målretta med problemløysing knytt til dagsaktuelle samfunnsutfordringar.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Arkitektur og samfunn skal bidra til å gi elevane eit grunnlag for å forstå den rolla arkitekturen speler i samfunnet. Faget skal gi kjennskap til etiske problemstillingar knytte til berekraft, likeverd og mangfald. Faget skal òg bidra til at elevane får innsikt i kulturuttrykka til det samiske urfolket. Arbeid med eigne prosjekt skal setje elevane i stand til å vurdere korleis arkitektoniske verkemiddel kan påverke opplevinga av stad og rom. Gjennom at elevane får høve til å reflektere kritisk over estetiske kvalitetar og brukarkriterium, skal faget gi dei kunnskap om strategiar for vekst, nedvekst og utvikling av by og landskap. Opplæringa skal bidra til fagleg nysgjerrigheit gjennom utforskande og eksperimenterande arbeid.

Kjerneelement

Kjerneelementet stadanalyse handlar om lokale forhold, som historie, særtrekk og mogelegheiter for endringar. Kjerneelementet handlar òg om prinsipp for stadtilpassing. I dette inngår teknikkar for synfaring, dokumentering og vurdering av ein stad gjennom teikning, foto og tekst. Å byggje modellar som representerer utsnitt av by og bylandskap, og bruke desse i arbeid med eigne prosjekt er sentralt i kjerneelementet.

Kjerneelementet konsept- og idéutvikling handlar om å utforske ulike arkitektoniske verkemiddel, som lys, skugge, form, romleg variasjon, materiale, taktile kvalitetar og fargar. I dette inngår å reflektere over korleis arkitektur kan påverke miljø, liv og helse. Praktisk utprøving av form og rom gjennom teikning og modellar, digitale og analoge skisser, og dokumentasjon av eigen prosess, står sentralt.

Kjerneelementet arkitektur og berekraft handlar om klimaendringar og miljømessige, økonomiske og sosiale faktorar, og om korleis dette påverkar arkitektur. Kjerneelementet handlar òg om brukar- og miljøvennlege løysingar i byggjebransjen. Kunnskap om både vernakulær, tradisjonell og moderne arkitektur inngår.

Tverrfaglege tema

I arkitektur og samfunn handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å forstå korleis utforming av omgivnadane kan påverke helsa til ein sjølv og andre. I dette faget handlar folkehelse og livsmeistring òg om universell utforming, alternative buformer og bustadsosiale problemstillingar.

I arkitektur og samfunn handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å kjenne til prosessar og høve for påverknad knytte til endring og utviklingsplanar. Å forstå korleis arkitektur kan fungere som både inkluderande og ekskluderande verkemiddel, står sentralt.

I arkitektur og samfunn handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere over og drøfte korleis vi planlegg og byggjer byar og tettstader for framtida. I dette inngår innsikt i miljøvennlege løysingar i teknologi og materiale og korleis vi tar omsyn til vêr, klima og landskap. Berekraftig utvikling handlar òg om kunnskap om kva levetid materiale og bygningar har, og korleis dei kan brukast om att.

Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter i arkitektur og samfunn inneber å kunne formidle eigne idear og arbeid, og å samtale om ulike løysingar med bruk av relevante faguttrykk

Å kunne skrive i arkitektur og samfunn inneber å kunne beskrive og dokumentere eigne kreative prosessar med bruk av faguttrykk, og å kunne formidle relevant informasjon i visuelle presentasjonar. Å kunne skrive inneber òg å kunne registrere eigne opplevingar av ein stad i form av teikning, tekst, målingar og bilete.

Å kunne lese i arkitektur og samfunn inneber å lese, tolke og kritisk vurdere fagtekstar og teikningar, og å finne relevant informasjon til bruk i eigne prosjekt. Å kunne lese inneber òg å sjå kva som er mogleg av romleg og formmessig utprøving i ulike kontekstar.

Å kunne rekne i arkitektur og samfunn inneber å tolke og nytte kartdata, og å rekne og arbeide med proporsjonar og målestokk i digitalt og analogt arbeid med teikningar og modellar. Det inneber òg å forstå areal- og ressursbruk og korleis økonomiske val påverkar prosjekt.

Digitale ferdigheiter i arkitektur og samfunn inneber å kunne bruke digitale ressursar til å hente inn og organisere fagrelevant informasjon, å vurdere kjeldene kritisk og å oppgi dei på ein etterretteleg måte. Det inneber òg å bruke digital modellering og teikning til å utforme, visualisere og presentere eigne arbeid. Vidare inneber det å utøve digital dømmekraft ved å følgje reglar for personvern og vise omsyn til andre på nett.

Kompetansemål og vurdering

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
  • utforske nomadisk og tradisjonell byggjeskikk, og bruke element av desse i eige arbeid med arkitektur
  • beskrive konstruksjonsmessige, estetiske og berekraftige eigenskapar ved ulike materiale og reflektere over bruken av dei i eige praktisk arbeid
  • eksperimentere med og reflektere over korleis arkitektoniske verkemiddel påverkar korleis menneske opplever rom og stader
  • dokumentere eigne opplevingar og erfaringar på ein stad gjennom arbeid med analoge og digitale skisser, tekst og foto
  • kartleggje historiske og fysiske særtrekk ved ein plass og utvikle stadtilpassa prosjekt gjennom skissearbeid med modell og teikning i målestokk
  • gjere greie for ulike strategiar for by- og stadutvikling, og bruke idear frå dette i eige arbeid
  • reflektere over ressursbruk i byggjebransjen og foreslå tiltak for gjenbruk
  • diskutere sosiale, økologiske og økonomiske problemstillingar i by- og stadutvikling, og foreslå relevante løysingar
  • utforske korleis teknologi, klimaendringar og samfunnstrendar påverkar korleis vi byggjer, og utarbeide forslag til kva arkitektur kan vere i framtida

Vurderingsordning

Arkitektur og samfunn: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.

Arkitektur og samfunn: Eleven kan trekkjast ut til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.

Arkitektur og samfunn: Privatisten skal opp til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.