Val av lærefag
I vidaregåande opplæring er det ca. 200 programområde som fører fram til yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. Desse blir kalla lærefag. I lærefag startar du opplæringa i vidaregåande skule, og som regel avsluttar du opplæringa med læretid i bedrift, som lærling eller lærekandidat. Dette blir også kalla for fagopplæring.
Kva kompetanse du skal ha oppnådd etter avslutta opplæring i eit lærefag, vil du finna beskrive under yrket som opplæringa fører fram til.
Vel lærefag
- Du orienterer deg om kva lærefag ditt Vg2 fører fram til.
- Du skaffar deg meir informasjon om aktuelle yrke og utdanningsvegar.
- Du skaffar deg informasjon om aktuelle lærebedrifter. Fagopplæringa i fylket ditt, rådgivaren på skolen din og lærarane dine kan hjelpe deg.
- Du nyttar deg av moglegheita for utplassering i faget prosjekt til fordjuping.