Individuell tilrettelegging
Tilpassa opplæring for alle
Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp, og ikkje ein individuell rett for den enkelte eleven. Skulen skal leggja til rette for ei opplæring som varetek både fellesskapet og kvar enkelt elev, slik at elevane får best mogleg utbytte av opplæringa. Alle elevane må få høve til å læra og utvikla seg uavhengig av føresetnadene sine.
Lærebedrifta skal sørgja for tilpassa opplæring for dei som har læretid i bedrift.
Individuell tilrettelegging
Nokre elevar har større behov for tilpassing av opplæringa enn den som gjeld for alle. Dette blir kalla individuell tilrettelegging.
Individuell tilrettelegging er delt inn i fleire rettar
- individuelt tilrettelagd opplæring
- personleg assistanse
- fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet
Ein elev kan ha behov for tilrettelegging knytt til ein eller fleire av desse rettane. Rettane er individuelle, og for å få rett til individuell tilrettelegging må eleven få eit vedtak.
Individuelt tilrettelagd opplæring
Individuelt tilrettelagd opplæring kan handla om å jobba med alternative kompetansemål, ha eit alternativt innhald i opplæringa og/eller at opplæringa blir organisert på ein annan måte.
Personleg assistanse
Personleg assistanse inneber praktisk hjelp og bistand frå ein person som kan følgja med og hjelpa eleven i skulekvardagen. Dette kan variera i omfang, og kan til dømes vera hjelp til
- å følgja med i opplæringa
- sosiale aktivitetar i friminuttet
- kommunikasjon
- forflytting, bæring av sekk og utstyr
- av- og påkledning
- måltid
- toalettbesøk
Fysisk tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel og opplæring i mobilitet
Slik tilrettelegging kan til dømes omfatta
- fysisk tilrettelegging av arbeidsplassen eller klasserommet
- tekniske hjelpemiddel
- inventar
- teknisk utstyr og programvare
- nødvendig opplæring for at eleven skal kunna bruka utstyret
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte
Elevar som er blinde eller sterkt svaksynte med rett til nødvendig opplæring i tekniske hjelpemiddel eller mobilitet, har rett til ekstra timar utover det ordinære timeramma i fag- og timefordelinga viss dei treng det. Dette står i opplæringsforskrifta § 1-4. Elevar i grunnskulen kan ha rett til inntil 1525 timar og elevar i vidaregåande opplæring kan ha rett til inn til 456 timar.