Hopp til hovedinnhold

Generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav

Generell studiekompetanse

Generell studiekompetanse får du ved å fullføre eitt av dei studieførebuande løpa som er beskrivne tidlegare, med karakteren 2 eller betre i alle fag.

Spesiell opptakskrav

Visse studium har spesielle opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse. Nokre studium kan ha høgare karakterkrav enn 2, andre igjen kan ha krav om språkferdigheiter, dokumenterte kunstnariske ferdigheiter, praksis, opptaksprøve eller liknande. For opptak til ein del studium blir det stilt krav om at du har valt spesielle programfag på Vg2 og Vg3, til vanleg matematikk og andre realfag.

Spesielle opptakskrav finn du i forskrift om opptak til høgare utdanning

Det kan bli gjort endringar i forskrifta, så hald deg oppdatert på www.samordnaopptak.no.