Praksiskandidatar
Personar med lang arbeidspraksis kan gjennom praksiskandidatordninga ta fag- eller svenneprøve. Dette er ikkje ei opplæringsordning, men ein rett til å melda seg til fag- eller svenneprøve, utan opplæring i skule og læretid i bedrift.
Praksisen må
- vera minst 25 prosent lengre enn det fastsette opplæringsløpet for faget.
- vera allsidig og dokumentert etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
- vera godkjende av fylkeskommunen før fag- eller svenneprøven kan takast
Realkompetansevurdering kan ikkje erstatta praksiskravet.
Som praksiskandidat er du friteke for kravet om bestått i fellesfag for å kunna framstilla deg til fag- eller svenneprøve. Du må likevel bestå ein eigen eksamen for praksiskandidatar på vg3-nivå (yrkesteoretisk prøve), før du kan melda deg opp til fag- eller svenneprøve:
- I dei fleste lærefag skal denne eksamenen prøva i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget.
- Enkelte fag har eksamen på vg2-nivå i tillegg til vg3.
Fylka arrangerer vanlegvis eigen, eksamensførebuande opplæring for praksiskandidatar. Oppmelding til eksamen skjer via privatist.inschool.visma.no og fristane er 15. september og 1. februar.
Du må sjølv betala eksamensavgift til fylkeskommunen for å ta eksamen.
Du må også betala prøveavgift for å ta fag- eller svenneprøve, og du er sjølv ansvarleg for å skaffa prøvestad og nødvendig utstyr til prøva.
For å melda deg opp til fag- eller svenneprøve må du kontakta fagopplæringa i fylket ditt.
Ver merksam på at dersom du ikkje består fag- eller svenneprøven, må du venta seks månader før du kan gå opp til ny prøve.