Søknadsprosessen
Vel utdanningsprogram
Du vel anten studieførebuande opplæring
- Du vel mellom 5 studieførebuande utdanningsprogram.
- Du går tre år i skole: Vg1, Vg2 og Vg3.
- Du oppnår generell studiekompetanse.
- Med generell studiekompetanse kan du søkje opptak til høgskole eller universitet.
eller yrkesfagleg opplæring
- Du vel mellom 10 yrkesfaglege utdanningsprogram.
- Det tek frå tre til fem år å fullføre opplæringa.
- Du oppnår enten yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev eller yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev.
- Med yrkeskompetanse kan du søkje arbeid etter at du er ferdig med opplæringa.
- Dersom du tek påbygging til generell studiekompetanse, kan du søkje opptak til høgskole eller universitet sjølv om du har starta på eller fullført ei yrkesfagleg opplæring.
Send inn søknad på vigo.no
Korleis søkjer du?
- Du søkjer vidaregåande opplæring på vigo.no.
- For å logge inn på vigo.no må du bruke MinID eller BankID.
- Du må søkje tre utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje på Vg1.
- Du har rett til å komme inn på eitt av desse.
- Har du spesielle behov som gjer at du må følgje eit bestemt utdanningsprogram på Vg1? Då kan du søkje om fortrinnsrett til inntak.
- Manglar du karaktergrunnlag? Då kan det hende at du kan takast inn til eit utdanningsprogram på Vg1 etter individuell vurdering.
- Du må søkje om plass kvart år – både til Vg1, Vg2 og Vg3.
- Du søkjer som regel vidaregåande opplæring i det fylket du bur i.
- Du kan endre mobilnummer og e-postdresse på vigo.no før 1. juli (i dei fleste fylka).
Søknadsfristar
- 1. mars (ordinær frist)*
- 1. februar )ved søknad om fortrinnsrett eller individuell behandling.)*
* Dersom søknadsfristen går ut på ein laurdag eller søndag, blir fristen utvida til måndagen.
Test at du får til å logge inn på vigo.no i god tid før søknadsfristen!
Svar på tilbod
Korleis svarer du?
- Du får melding om tilbod på SMS eller e-post.
- Logg inn på vigo.no for å finne ut kva tilbod du har fått.
- Tilbod om plass på det første ønsket ditt? Du bør svare ja. Du får ikkje tilbod om plass på lågare ønske.
- Tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på høgare ønske?
Du bør svare ja til begge delar. Men dersom du seinare får tilbod om plass på eit høgare ønske, har du ikkje lenger plassen du takka ja til tidlegare. - Berre tilbod om ventelisteplass?
Du bør svare ja. Svarar du nei, blir du teken ut av inntakssystemet.
Svarfrist
Du må svare på tilbod om plass ca. ei veke etter at du fikk tilbodet.
Førehandssvar
Du kan registrere førehandssvar på vigo.no frå 2. mars til 1. juli (i dei fleste fylka).
Har du spørsmål som gjeld søknaden din?
Da må du ta kontakt med inntakskontoret i fylket ditt.