Studiekompetanse

Generell studiekompetanse
Har du generell studiekompetanse, kan du søkje opptak til dei fleste studium ved universitet og høgskolar. Studiekompetanse i seg sjølv gir ingen garanti for at du kjem inn, du må òg ha gode nok karakterar ut frå dei krava universitetet eller høgskolen stiller.
Korleis oppnår du generell studiekompetanse?
Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå Vg1, Vg2 og Vg3 frå førebuande utdanningsprogram:
- Idrettsfag
- Kunst, design og arkitektur
- Medium og kommunikasjon
- Musikk, dans og drama
- Studiespesialisering
eller fullføre og bestå Vg1, Vg2 og Vg3 frå følgjande yrkesfaglege utdanningsprogram:
- Naturbruk med studieførebuande Vg3
eller
- Eit yrkesfagleg utdanningsprogram (Vg1 og Vg2 eller oppnådd yrkeskompetanse) + Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Spesielle opptakskrav
I tillegg til generell studiekompetanse er det ved nokre studium spesielle opptakskrav, det vil i dei fleste høva seie at du må ha hatt spesielle fag (vanlegvis realfag). Enkelte studium har opptaksprøve.