Yrkeskompetanse

Å ha yrkeskompetanse vil seie at ein er utdanna til å utøve eit yrke. Ved å velje programområde frå dei 10 yrkesfaglege utdanningsprogramma kan du oppnå ulike former for yrkeskompetanse.
Yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev
Opplæring i dei såkalla lærefaga fører fram til fag- eller sveinebrev etter bestått fag- eller sveineprøve.
- I handverksprega fag heiter det sveinebrev og sveineprøve, til dømes har ein smed sveinebrev.
- I andre fag heiter det fagbrev og fagprøve, til dømes har ein elektrikar fagbrev.
I lærefag går opplæringa føre seg både i og bedrift, i alt over fire år eller meir. Les meir under Korleis går opplæring i bedrift føre seg?
Yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev
Opplæring i dei faga som ikkje høyrer inn under lærefaga, fører fram til yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev. Til dømes har ein helsesekretær yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev.
Yrkesutdanninga er lagt opp som tre års opplæring i skole, ofte med innlagte praksisperiodar.
Vidare utdanning
Innanfor fleire fagområde gir yrkeskompetanse deg grunnlag for vidare utdanning på fagskole. Fag- eller sveinebrev gir grunnlag for vidare utdanning for å ta meisterbrev.
Med påbygging til generell studiekompetanse kan du oppnå generell studiekompetanse.