Hopp til hovedinnhold

Kan du ombestemme deg?

Rett til omval

Dersom opplæringsløpet du har valt ikkje passar for deg, har du rett til å gjera omval. Omval betyr at du vel eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det du har byrja på.

Omval blir gjennomført før eit opplæringsløp er fullført. Dersom ein allereie har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse har ein ikkje rett til omval.

Omvalet må gjerast i samband med inntak. Ein har ikkje rett til omval midt i skuleåret.

  • Du har rett til å gjera så mange omval du ønskjer fram til søknadsfristen for inntak det året du fyller 19 år.
  • Dersom du ikkje har brukt retten til omval før du er 19 år, har du rett til eitt omval seinare.
  • Du kan gjera omval til eit lågare trinn
  • Du kan gjera omval på same trinn

 

Rett til yrkesfaglig rekvalifisering

Har du allereie oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men finn ut at du ønskjer (ein annan) yrkeskompetanse? Då har du rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Det betyr at du har rett til fag- og yrkesopplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.

Viss du bruker denne retten, følgjer du reglane som gjeld for vidaregåande opplæring for vaksne.

Sist endret: 17.10.2025