Vg1, Vg2 og Vg3
Vidaregåande opplæring er delt inn i tre trinn: Vg1, Vg2 og Vg3.
Kvart trinn har eigne mål, fag og moglegheiter, og oppbygningen varierer mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.
Denne oversikta gir eit bilete av kva som ventar på kvart nivå, og korleis nivåa heng saman fram mot studiekompetanse eller fagbrev.
Vg1
Opplæringa går føre seg i skole og omfattar både fellesfag (t.d. norsk, matematikk og engelsk) og programfag frå utdanningsprogrammet ditt.
Studieførebuande
- Opplæringa er for det meste teoretisk.
- Dei fleste skoletimane blir brukte til fellesfag.
- Du har to eller tre programfag (gjeld ikkje studiespesialisering).
Yrkesfagleg
- Vg1 skal gi deg ei grunnleggjande opplæring i arbeidsprosessar, teknikkar og verktøy som er typiske for ditt utdanningsprogram.
- Dei fleste timane blir brukte til programfag.
- Du har også faget yrkesfagleg fordjuping, der du har høve til å prøve ut aktuelle lærefag i lærebedrifter.
Vg2
På Vg2 vel du mellom dei programområda som finst innanfor utdanningsprogrammet du valde på Vg1.
Studieførebuande
- I tillegg til fellesfaga vel du mellom ulike programfag etter visse reglar.
- Opplæringa går føre seg i skole.
Yrkesfagleg
- Du vel eit programområde og får dermed høve til å spesialisere deg i større grad.
- For dei fleste går opplæringa føre seg i skole.
- Du får fleire timar til faget yrkesfagleg fordjuping enn på Vg1.
- Det finst også nokre få særløp der du etter Vg1 får opplæringa i bedrift (3 år).
Vg3 / opplæring i bedrift
Vg3 byggjer på det Vg2 du gjekk på, og går anten føre seg i skole eller i bedrift.
Studieførebuande
- Du held fram med det programområdet du valde på Vg2, og vel vidare fordjuping i programfag eller nye programfag etter visse reglar.
- Opplæringa skjer i skole.
- Med godkjent vitnemål frå Vg3 kan du søkje høgare utdanning ved høgskole og universitet.
Yrkesfagleg
- Du vel mellom programområde som byggjer på det Vg2 du gjekk på, og du spesialiserer deg no vidare.
- Dei fleste programområda er på Vg3-nivå lærefag. Då får du opplæringa som lærling i ei bedrift, og læretida er 2 år.
- Nokre programområde er på Vg3 organiserte som 1 års opplæring i skole.
- Nokre få yrkesfaglege løp har Vg3 i skole før dei blir avslutta med 1,5 eller 2 års læretid i bedrift.
Oversikt over heile opplæringsløpet
Oppbygginga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet.
- Gul: Opplæringa går føre seg i skole.
- Grøn: Opplæringa går føre seg i bedrift.
- Blå: Opplæringa er fullført og godkjend, og du har kompetanse til å gå ut i arbeid eller søkje høgare utdanning.
