Praksisbrevkandidat
Praksisbrevordninga er eit toårig opplæringsløp på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Ordninga er særleg retta mot deg som etter avslutta grunnskole vil ha nytte av ei meir praktisk opplæring, hovudsakleg i bedrift.
- Du kan ta ei praksisbrevprøve etter to års opplæring.
- Etter oppnådd praksisbrev kan du anten gå ut i arbeidslivet eller teikne ein ordinær lærekontrakt med sikte på fag-/sveinebrev.
Praksisbrevkandidatar har i tillegg til opplæring i eit lærefag yrkesretta opplæring i fellesfaga norsk, matematikk og samfunnsfag. I desse faga får du ordinær vurdering.
Rådgjevaren på skolen din, eller vil kunne gje deg svar på om ordninga med praksisbrev gjeld i ditt fylke.

Opplæringskontrakt
Praksisbrevkandidaten inngår ein skriftleg opplæringskontrakt med ei godkjend lærebedrift eller eit opplæringskontor når læreforholdet tek til. Dei same reglane gjeld for ei opplæringskontrakt som for ein .
Praksisbrevprøve
Som praksisbrevkandidat avsluttar du opplæringa med ei praksisbrevprøve.
- Du skal prøvast ut frå dei kompetansemåla som er fastsette for opplæringa di.
- Praksisbrevprøva skal dokumentere den kompetansen som er oppnådd.
- Ved praksisbrevprøva gjeld karakterskalaen «Bestått mykje godt», «Bestått» og «Ikkje bestått».
Ei praksisbrevprøve dokumenterer grunnkompetanse og er ei prøve på eit lågare nivå enn fag-/sveineprøva.
Rettar og plikter som praksisbrevkandidat
Praksisbrevkandidatar har dei same rettane og pliktene som lærlingar. Dette gjeld for praksisbrevkandidatar:
- Læreplanen blir erstatta med utvalde kompetansemål frå Vg1, Vg2 og Vg3 / opplæring i bedrift frå det aktuelle utdanningsprogrammet.
- Fag-/sveineprøva blir erstatta av praksisbrevprøva.
- Lærekontrakten blir erstatta med ein opplæringskontrakt.