Hopp til hovedinnhold

Svar på tilbod om plass

Når det er klart kva tilbod du har fått til vidaregåande skule, må du logga inn på vigo.no og svara.

Når får du melding om inntak?

  • I juli får du melding om førsteinntak.
  • Du får melding via SMS (i nokre fylke også e-post).
  • Sjekk inntakskalenderen eller kontakt inntakskontoret for datoen i fylket ditt.

Korleis finn du tilbodet?

  • Logg inn på vigo.no med MinID.
  • Der ser du kva tilbod du har fått, og kan svara på det.

VIKTIG! Du må svara innan ca. éi veke etter inntaket. Om du ikkje svarer, kan du mista både skuleplass og ventelisteplass.

Korleis skal du svara?

Du skal haka av for JA eller NEI på det tilbodet du har fått. Det finst tre typar svar, avhengig av kva plass du har fått:

1. Tilbod om plass på ditt første ønske

Dette er det einaste tilbodet du får.

  • Svarer du JA, har du fått skuleplassen.
  • Svarer du NEI, mistar du plassen og blir teken ut av inntaket.

2. Tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på høgare ønske

Du har fått ein plass lenger nede på ønskjelista, og står på venteliste til høgare ønske.

Du kan svara:

  • JA til plass og JA til venteliste (blir tilrådd)
  • JA til plass og NEI til venteliste
  • NEI til plass og JA til venteliste (risikabelt)

Om du seinare får plass på eit høgare ønske, mistar du plassen du takka ja til tidlegare.

Du kan ikkje stå på venteliste til lågare ønske enn det du har fått tilbod om.

I nokre fylke må du stå på venteliste til alle høgare ønske. I andre fylke kan du velja kva for nokre.

3. Berre ventelisteplass

  • Du har ikkje fått nokon plass enno, men står på venteliste.
  • Du kan velja å stå på venteliste ved å svara JA.
  • Svarer du NEI, blir du teken ut av inntaket.

Førehandssvar

Om du veit at du ikkje er tilgjengeleg for å svara i juli (til dømes på grunn av ferie), kan du gi førehandssvar på vigo.no.

  • Tilgjengeleg frå 2. mars til 1. juli i dei fleste fylke
  • Nokre fylke opnar for førehandssvar tidlegare – sjekk informasjon i fylket ditt
Sist endret: 13.06.2025

Informasjon fra Telemark

I 2026 har vi hovedinntak 8. juli og sisteinntak 5. august. Etter inntakene er svarfristen ca. 1 uke. Etter svarfristen for sisteinntaket må du evt. gi beskjed direkte til skolen om du ikke ønsker tilbudet du har fått.

Sist endret: 15.09.2025