Hopp til hovedinnhold

Fagskoleutdanning

Fagskular tilbyr yrkesretta utdanning som varer frå eit halvt til to år, og rettar seg mot dei som ønskjer ein praktisk og yrkesnær utdanning. Dette er eit populært val for dei som har fullført yrkesfagleg opplæring på vidaregåande og ønskjer å byggja vidare på fagbrev. Utdanninga er nært knytt til arbeidslivet, med mykje fokus på praktiske ferdigheiter og yrkesrelevans.

Opptakskrav

Opptakskravene til fagskular varierer noko avhengig av kva fagskule og kva studium du søkjer på. Generelt sett er det likevel nokon felles krav.

Grunnleggjande opptakskrav:

  • Fullført og bestått vidaregåande opplæring: Dette er det vanlegaste grunnkravet. Du må ha fullført og bestått eit relevant yrkesfagleg eller studieførebuande løp frå vidaregåande skule.
  • Relevant fagbrev eller tilsvarande realkompetanse: For mange fagskuleutdanningar er det eit krav om relevant fagbrev eller yrkeskompetanse. Dette betyr at du må ha erfaring og formell kompetanse innanfor det fagområdet du søkjer på.

I tillegg til dei generelle krava, kan det vera spesifikke opptakskrav for det enkelte studiet. Den beste staden å finna ut dei nøyaktige opptakskrava for eit spesifikt fagskulestudium er på fagskulen si eiga nettside. Der vil du finna informasjon om dei spesifikke krava for kvart enkelt studium.

Studietilbod på fagskolar

Det finst både offentlege og private fagskolar, og du kan utdanne deg til mange ulike og spennande yrke. Fagskoleutdanningar blir godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – NOKUT.

Fagskolane har studietilbod innanfor

  • helse og oppvekst
  • teknikk og teknologi
  • bygg og anlegg
  • samferdsel
  • økonomi og adminstrasjon
  • kunst, kultur og design
  • landbruk og gartneri

Ei samla oversikt over studietilboda finn du på nokut.no.

Enkelte fagskolar har samarbeid med norske og utanlandske høgskolar, noko som gjer det mogleg å byggje på fagskoleutdanninga til ein bachelorgrad og eventuelt til ein mastergrad.

Søknad og søknadsfrist

Offentlege fagskolar

Du søkjer opptak til offentlege fagskolar gjennom Samordna opptak. Opptaket opnar 1. februar. Søknadsfristen er 15. april.

Førespurnader om dei ulike tilboda må du rette direkte til den aktuelle fagskolen fram til alt er på plass hos Samordna opptak.

Private fagskolar

Søknadsfristen kan variere frå skole til skole. Nokre skolar har rullerande opptak fram til utdanninga startar. Sjekk den aktuelle skolen for å finne ut meir om søknadsfrist og korleis du søkjer.

Sist endret: 25.03.2025

Informasjon fra Innlandet

Fagskolen Innlandet

Hedmark og Oppland har en felles fagskole; Fagskolen Innlandet.  Skolen vil ha samme opplæringstilbud som de to fagskolene har hatt og i Hedmark vil gjennomføringen av opplæringen skje desentralisert ved Sentrene for voksnes læring. For mer informasjon kontakt Fagskolen Innlandet.

 

Norges grønne fagskole - Vea

Dette er fagskolen innenfor grønne design- og miljøfag og er NOKUT-godkjent tilbyder av fagskoleutdanninger. Utdanningene på Vea bygger videre på utdanningsprogrammene Naturbruk og Design og håndverk.

Hovedvekten av studietilbudene på Vea er innenfor gartner og blomsterdekoratørfag, men retter seg også mot tilstøtende yrkesfag/håndverk. Vea har et stort internasjonalt nettverk som gir studentene mulighet for internasjonal nettverksbygging. For mer informasjon se deres hjemmeside.