Hopp til hovedinnhold

Økonomi

Lønn for lærlingar og lærekandidatar varierer frå fag til fag. Men i alle fag får du mindre lønn i byrjinga av læretida enn på slutten. Sjå òg verdiskaping.

Den vanlegaste fordelinga av lønn i læretida er:

  • 1. halvår: 30 %
  • 2. halvår: 40 %
  • 3. halvår: 50 %
  • 4. halvår: 80 %

For konkrete lønnsopplysningar i faget ditt må du ta kontakt med den aktuelle fagorganisasjonen.

Når du har inngått ein lærekontrakt/opplæringskontrakt, skal lønnsvilkåra dine gå fram av arbeidsavtalen du har med bedrifta.

 

Stipend og lån

Er du lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat, kan du søkje om både stipend og lån frå Lånekassen i læretida. Du kan få støtte i 11 månader per skoleår.

Du må oppfylle nokre krav for å ha rett til støtte. Les om krava på lanekassen.no.

Bortebuarstipend

Dersom du må bu borte for å gjennomføre læretida, kan du få eit bortebuarstipend. Storleiken på stipendet avheng av kor mykje du tener som lærling.

Du må oppfylle eitt av desse krava for å ha rett til bustipend:

  • Arbeidsstaden din ligg 40 km eller meir frå foreldreheimen.
  • Reisetida mellom foreldreheimet og arbeidsstaden din er tre timar eller meir tur-retur.
  • Særlege forhold av personleg eller sosial karakter gjer at du ikkje kan bu heime.

Lån til bortebuarar over 18 år

Om du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du få lån. Lånet du får frå Lånekassen må betalast tilbake. Du må betala heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje om stipend og lån til du har inngått ein godkjend lærekontrakt/opplæringskontrakt. Kontrakten må godkjennast av arbeidsgjevar og av fagopplæringskontoret i fylket ditt. Når kontrakten er godkjent og registrert hos Vigo, kan du søkje. Dette kan ta litt tid.

Då kan du søkje om stipend og lån på lanekassen.no. Logg inn på søknaden med MinID eller BankID, slik som då du søkte om skole- eller læreplass.

Dersom du er under 18 år, må foreldra dine signere avtalen om støtte for deg. Dette kan dei gjere elektronisk. Dersom dei opprettar ein digital postkasse før du søkjer, får dei svaret i den digitale postkassen. Då kan dei signere for deg med ein gong.

Foreldra dine kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på www.velgdigitalpostkasse.no. Det einaste dei treng, er BankID.

 

Søknadsfristar

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar må sende inn søknad

  • seinast 30. juni eller
  • før læretida er slutt dersom ho blir avslutta før 30. juni.
Sist endret: 06.10.2025