Hopp til hovedinnhold

Økonomi – vaksne

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis for alle. Fylkeskommunen har òg ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring med naudsynte trykte og digitale læremiddel og utstyr. For meir informasjon, sjå Gratis læremiddel og utstyr.

Fylkeskommunen kan påleggje deg å betale eigenandel for berbar pc og halde deg med anna naudsynt individuelt utstyr, som kladdebøker, kalkulator, arbeidstøy m.m.

Som vaksen kan du søkje Lånekassen om andre stipend og/eller lån til å dekkje livsopphald. Ver òg merksam på at både arbeidsgivaren din og fagforeninga di kan gi deg støtte til vidaregåande opplæring.