Hopp til hovedinnhold

Endring av søknaden

Fram til søknadsfristen går ut, kan du endre søknaden så mange gonger du vil, på vigo.no

Det kan òg vere mogleg å endre søknaden av medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar. Det skal i så fall dokumenterast, og søknad om endring må derfor som regel sendast inn skriftleg via den skolen du går på. Ta kontakt med rådgivaren, OT-tenesta eller inntakskontoret dersom du ønskjer meir informasjon.

Ver merksam på at reglane og fristane for endring av søknaden varierer frå fylke til fylke.

Sist endret: 10.09.2025

Informasjon fra Vestland

Endring av søknad i Vestland

Hovudregelen er at du ikkje får endra søknaden etter søknadsfristen.

Unntak gjeld dersom du har særlege medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar som har oppstått etter søknadsfristen. Du må då sende inn dokumentasjon frå relevant instans.

Dette kan til dømes vere at du:

  • skal flytte med familien, eller det er gjort vedtak om flytting frå barnevernet som gjer at du må endre skulane du har søkt på
  • grunna funksjonsfall eller sjukdom ikkje lenger kan gå på utdanningsprogrammet du har søkt på
  • ikkje er kvalifisert til Vg2 eller Vg3 som du har søkt på

Du søkjer om å endre søknaden i skjemaet for endring/omprioritering av søknad, som du finn på heimesida til Vestland fylkeskommune.

Skjemaet kan nyttast i perioden frå 1. april til 1. juni.


Dersom du er ukvalifisert til Vg2 eller Vg3, kan du endre søknaden din fram til 23. juni.

Sist endret: 14.10.2025