Hopp til hovedinnhold

Flytting

Kjem du rett frå grunnskolen eller er du inne i vidaregåande opplæring, er personopplysningane dine alt registrerte i inntakssystemet. Dersom du har flytta innanfor fylket etter at inntakskontoret innhenta adressa di, må du melde frå til inntakskontoret.

Viss du skal flytte til eit anna fylke før neste skoleår tek til, må du kontakte inntakskontoret både i heimfylket og i det fylket du skal flytte til, for å høyre kva reglar og fristar som gjeld, og kva for dokumentasjon som blir kravd.

Dersom du har rett til vidaregåande opplæring og du og dei føresette flyttar, har du rett til vidaregåande opplæring i det fylket du flyttar til. Skal du flytte til ein føresett som bur i eit anna fylke, vil inntakskontoret i dette fylket krevje stadfesting frå den føresette du flyttar til. Ofte blir det òg kravd ei stadfesting frå den føresette du flyttar frå, på at vedkommande kjenner til flyttinga.

Informasjon fra Vestland

Retten til vidaregåande opplæring er avgrensa til det fylket der søkjaren har folkeregistrert adresse per 1. mars. Du kan søkje om skuleplass i Vestland fylkeskommune sjølv om du ikkje er busett i fylket, men du konkurrerer då om skuleplass etter fylket sine eigne søkjarar.

Søkjarar som planlegg å flytte til Vestland frå andre fylker

Søkjarar med ungdomsrett frå andre fylker og som planlegg å flytte til Vestland, må søke skuleplass innan 1. mars, krysse av for flytting i søknad på www.vigo.no og fylle ut fylket sitt eige skjema “melding om flytting”. For å få ungdomsrett i Vestland og vere med i inntaket, må dokumentasjon liggje føre innan 23.juni.

  • Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 23. juni
  • Last opp dokumentasjon på flyttinga
  • Dokumentasjon kan til dømes vere godkjent flyttemelding frå folkeregisteret, kopi av leige- eller kjøpekontrakt for bustad, eller kopi av arbeidsavtale for føresette.

  • For å få ungdomsrett i Vestland må flyttinga vere planlagd. Dersom du har søkt i eit anna fylke i tillegg til Vestland, vil du ikkje få ungdomsrett i Vestland.
  • Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 23. juni
  • Last opp dokumentasjon på flyttinga/adressa du skal flytte til

 

Søkjarar som planlegg å flytte innad i Vestland

Dersom du planlegg å flytte innad i Vestland, må du fylle ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 23. juni. Dette for at du skal få inntaksområdepoeng til dei rette skulane.

  • Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 23. juni
  • Last opp dokumentasjon på flyttinga
  • Dokumentasjon kan til dømes vere godkjent flyttemelding frå folkeregisteret, kopi av leige- eller kjøpekontrakt for bustad, eller kopi av arbeidsavtale for føresette
  • Du får inntaksområdepoeng på skulane i detinntaksområdet du flyttar til

  • Fyll ut skjemaet vårt «melding om flytting» innan 23. juni
  • Last opp dokumentasjon på flyttinga/adressa du skal flytte til
  • Du får inntaksområdepoeng på skulane i det inntaksområdet du flyttar til, men ikkje i området du flyttar frå

 

 

Sist endret: 16.10.2025