Svar på tilbod om plass
Når det er klart kva tilbod du har fått til vidaregåande skule, må du logga inn på vigo.no og svara.
Når får du melding om inntak?
- I juli får du melding om førsteinntak.
- Du får melding via SMS (i nokre fylke også e-post).
- Sjekk inntakskalenderen eller kontakt inntakskontoret for datoen i fylket ditt.
Korleis finn du tilbodet?
- Logg inn på vigo.no med MinID.
- Der ser du kva tilbod du har fått, og kan svara på det.
Korleis skal du svara?
Du skal haka av for JA eller NEI på det tilbodet du har fått. Det finst tre typar svar, avhengig av kva plass du har fått:
1. Tilbod om plass på ditt første ønske
Dette er det einaste tilbodet du får.
- Svarer du JA, har du fått skuleplassen.
- Svarer du NEI, mistar du plassen og blir teken ut av inntaket.
2. Tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på høgare ønske
Du har fått ein plass lenger nede på ønskjelista, og står på venteliste til høgare ønske.
Du kan svara:
- JA til plass og JA til venteliste (blir tilrådd)
- JA til plass og NEI til venteliste
- NEI til plass og JA til venteliste (risikabelt)
Om du seinare får plass på eit høgare ønske, mistar du plassen du takka ja til tidlegare.
Du kan ikkje stå på venteliste til lågare ønske enn det du har fått tilbod om.
I nokre fylke må du stå på venteliste til alle høgare ønske. I andre fylke kan du velja kva for nokre.
3. Berre ventelisteplass
- Du har ikkje fått nokon plass enno, men står på venteliste.
- Du kan velja å stå på venteliste ved å svara JA.
- Svarer du NEI, blir du teken ut av inntaket.
Førehandssvar
Om du veit at du ikkje er tilgjengeleg for å svara i juli (til dømes på grunn av ferie), kan du gi førehandssvar på vigo.no.
- Tilgjengeleg frå 2. mars til 1. juli i dei fleste fylke
- Nokre fylke opnar for førehandssvar tidlegare – sjekk informasjon i fylket ditt
Sist endret: 13.06.2025
Informasjon fra Vestland
1.mai-30.juni I denne perioden kan du registrere førehandsvar på vigo.no. Du kan endre svaret i den ordinære svarperioden om du ønskjer det
Fleire søkjarar med same poengsum
Dersom fleire søkjarar står likt i konkurransen om den/dei siste plassane, blir det brukt maskinell loddtrekning for å avgjere kven som får tilbod om plass og kven som blir første på ventelista.
Ventelisteplassering kan bli endra til høgare nummer ved ein seinare inntaksomgang.
Hovudgrunnane til dette er at søkjarar har fått medhald i klagebehandling av karakterar, eller at nye søkjarar har flytta til Vestland saman med føresette i inntaksperioden. Du vil ikkje sjå oppdateringar på ventelista mellom inntaka.
Dersom du ønskjer å stryke eitt eller fleire ønskje frå ventelista, må du sende ein e-post til inntak@vlfk.no. Vi kan ikkje stryke ønskje over telefon, og ønskje kan berre strykast dersom du har fått eit skuletilbod.
Alle søkjarar med ungdomsrett vil få eit tilbod om plass før skulestart. Dersom du ikkje har høge nok karakterar til å konkurrere deg inn på nokon av ønska dine kan du få tilbod på ein skule du ikkje har søkt på. Du vil da få tilbod på eit av utdanningsprogramma du har søkt på.
Dersom du ikkje har karakterar nok til å konkurrere deg inn på nokon av programområda du har søkt på til trinn 2/ trinn 3 vil du få tilbod om eit programområde som du kvalifiserer for.
Etter skulestart står du framleis på venteliste. Skulane må følgje ventelista og vil ta kontakt dersom det blir ledige plassar. Frå 1. september er inntaket avslutta. Skulen kan då ta inn elevar uavhengig av ventelista.
Det har inga hensikt å møte direkte på skulen for å få plass ved skulestart.