Hopp til hovedinnhold

Minoritetsspråklege søkjarar

For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha gyldig opphaldsløyve, permanent eller avgrensa. I tillegg må du ha

  • gjennomført norsk grunnskole eller
  • gjennomført allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år eller
  • tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne, vurdert av kommunen.

Ventar på vedtak om opphaldsløyve

Er du lovleg i landet og ventar på vedtak om opphaldsløyve, gjeld følgjande:

  • Er du under 18 år og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i mer enn tre månedar, har du rett til vidaregåande opplæring.
  • Fyller du 18 år i løpet av eit skoleår, har du rett til å fullføre påbegynt skoleår.

Får du avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregående opplæring fram til endeleg vedtak.

Norden og EØS

Ungdom frå dei nordiske landa eller barn av arbeidstakarar frå andre EØS-land har same rett til vidaregåande opplæring som ungdom med utdanning frå norsk grunnskole (sjå òg Skolegang i utlandet).

Folkeregisteret

Vanligvis må du vere registrert i folkeregisteret før søknadsfristen for å bli vurdert for inntak.

Utan norsk karaktergrunnlag

Har du ikkje et karaktergrunnlag som er samanliknbart med det norske, vil du bli vurdert individuelt (sjå òg Inntak etter individuell behandling).

Norsk språk

Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregående opplæring.

Tilbod for minoritetsspråklege

Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.

  • Dersom du ikkje har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk, har du rett til særskilt språkopplæring.
  • Du kan også få tilbod om innføringsopplæring for minoritetsspråklege søkjarar

Sidan fylkeskommunane har ansvaret for å leggje opplæringa til rette for minoritetsspråklege søkjarar, kan inntaksreglane og tilboda variere frå fylke til fylke. Søknadsfristen er 1. februar for minoritetsspråklege med behov for tilrettelegging.

 

Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar

Dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, har du rett til særskilt norskopplæring inntil du har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Skolen skal kartleggje norskkunnskapane dine før det blir gjort vedtak om særskilt språkopplæring. Kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa slik at det kan fastsetjast når du kan gå over til den vanlege opplæringa.

Har du behov for særskilt norskopplæring, er det tre moglegheiter:

  1. Du kan følgje læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Denne læreplanen er aldersuavhengig og nivådelt, og du får ikkje karakter i norsk. Du følgjer denne læreplanen inntil du kan gå over til den ordinære læreplanen i norsk.
  2. Du kan følgje fastsett læreplan i norsk for elevar i vidaregåande opplæring med kort butid i Noreg. Det er frivillig å følgje denne læreplanen.
  3. Du kan følgje den ordinære læreplanen i norsk med tilpassingar.

Når du får eller har fått særskilt norskopplæring, er du friteken frå opplæring i skriftleg sidemål.

Dersom det er nødvendig, har du også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i andre fag enn norsk eller begge delar.

Særskilt norskopplæring og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen du går på, morsmåslopplæring kan givast på ein annan skole.

Dersom morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale, skal det så langt som mogleg leggjast til rette for anna opplæring tilpassa dine føresetnader.

 

Dokumentasjon av kunnskaper i fremmedspråk

I studieforberedende utdanningsprogram skal du ha fellesfaget fremmedspråk i tillegg til engelsk. Behersker du et språk godt, enten det er morsmålet ditt eller et annet språk, kan det være mulig å dokumentere den kompetansen du har ved å gå opp til muntlig og skriftlig privatisteksamen i språket ditt.

Som privatist kan du ta eksamen i følgende fremmedspråk:*

  • Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, bulgarsk, dari, estisk, filipino, finsk, fransk, hebraisk, hindi, islandsk, italiensk, japansk, kantonesisk, kinesisk (tidligere navn mandarin), koreansk, kroatisk, kurdisk (sorani), kurdisk (kurmanji), latvisk, litauisk, lulesamisk, nederlandsk, nordsamisk, nygresk, oromo, panjabi, pashto, persisk, polsk, portugisisk, rumensk, russisk, serbisk, somali, spansk, sørsamisk, tamil, tegnspråk, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk, urdu og vietnamesisk.

Alternativt kan du velge å ta privatisteksamen i ett av språkene ovenfor og få dette godskrevet som programfag. Dette får du vite mer om av rådgiveren eller ledelsen ved skolen din.

*Vær oppmerksom på at språkene det arrangeres eksamen i kan variere fra år til år, men fjernes et språk fra eksamenstilbudet, vil det være overgangsordninger.

Sist endret: 25.08.2025

Informasjon fra Vestland

Innføringskurs er eit tilbod for deg som har fullført grunnskulen, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje undervisninga i eit ordinært utdanningsprogram.
Kurset skal førebu deg til ordinær Vg1, og du får styrka norskkompetansen gjennom arbeid med fag.

Du får opplæring i:

  • Norsk
  • Samfunnskunnskap
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Kroppsøving

Det blir ikkje gitt sluttvurdering med karakter i faga.

Søknad og inntak til Innføringskurs:

Hovudinntak:

  • Søknadsfrist er 1. februar
  • Du søkjer via vigo.no
  • Du fyller ut digitalt vedleggsskjema
  • Dokumentasjon på opphaldsløyve og fullført grunnskule

Inntak til restplasser:

Dersom du er mellom 16 og 18 år og har kome til Noreg etter søknadsfristen, kan du søkje på restplass til innføringskurs.

  • Skjemaet “Søk Innføringsskurs” er tilgjengeleg frå 1. juni til 1. januar
  • Dokumentasjon på opphaldsløyve og fullført grunnskule
  • Søknader blir behandla frå september
  • Skulen tek kontakt med deg dersom du får plass

Kombinasjonsklasse passar for deg mellom 16 og 24 år som treng meir grunnskuleopplæring og betre norskkunnskapar før du kan starte på vidaregåande skule.

Du får opplæring på grunnskulenivå i:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Samfunnsfag

Målet med opplæringa er å gi deg best mogleg grunnlag for å gjennomføre og bestå vidaregåande opplæring.
Når du har gjennomført og bestått kombinasjonsklassen, får du eit vitnemål med karakterar som du kan bruke til å søkje vidaregåande opplæring.

For å få tilbod om kombinasjonsklasse må kommunen du bur i ha ein samarbeidsavtale med fylkeskommunen.


Slik søkjer du:

  • Fyll ut det digitale skjemaet «Søk kombinasjonsklasse».
  • Legg ved dokumentasjon på opphaldsløyve.
  • Dersom du også har søkt innføringskurs eller vidaregåande opplæring trinn 1, må du krysse av i søknaden for kva du prioriterer.

Dette tilbodet passar for deg som har for svake norskkunnskapar til å kunne følgje undervisninga i eit ordinært utdanningsprogram på Vg1. Du får opplæring i dei vanlege faga, men med ekstra tilrettelagt norskopplæring som skal hjelpe deg med å meistre språket


Vg1 Studiespesialiserande for minoritetsspråklege elevar​

Dette tilbodet er for minoritetsspråklege elevar som ønskjer å starte på Vg1 Studiespesialisering, men som treng ekstra støtte i norsk.
Etter fullført og bestått Vg1 kan du søkje vidare til ordinært Vg2-kurs innan utdanningsprogrammet Studiespesialisering.​

Tilbodet finn du ved Bergen Katedralskole.
 

Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege​

Dette tilbodet er for minoritetsspråklege elevar som ønskjer å starte på Vg1 Helse- og oppvekstfag med ekstra støtte i norsk.
Etter fullført og bestått Vg1 kan du søkje vidare til ordinære Vg2-kurs innan utdanningsprogrammet Helse- og oppvekstfag.

Tilbodet finn du ved Åsane vgs og Fyllingsdalen vgs.

Slik søkjer du:

  • Registrer søknad på vigo.no
  • Fyll ut digitalt "Vedleggsskjema"
  • Last opp nødvendig dokumentasjon

Minoritetspråklige kan og søkje ordinær Vg1.

Er du ny i Noreg anbefaler vi deg å ta minst eit år i Innføringsklasse før du startar ordinær vidaregåande opplæring.

Slik søkjer du:

Dette er eit krevjande studium for målretta elevar der undervisningsspråket er engelsk. Les meir om Pre-IB og IB.

Søknadsfrist 1. mars

Minoritetspråklege søkjarar som har fullført Vg1 og som skal søkje Vg2 eller elevar som har fullført Vg2 og som skal søkje Vg3 skal registrere ordinær søknad i Vigo. Du treng ikkje å fylle ut vedleggskjema. Du konkurrerer om inntak til neste nivå på karakterpoenga dine.

Grunnleggjande opplæring i norsk og engelsk (nivå A1 og A2) på kveldstid. Dette gjeld for dei som har fylt 18 år og som fekk innvilga opphald i Norge før dei fylte 18 år.

Kriterier:

  • Dokumentasjon på fullført vidaregåande opplæring.
  • Dokumentasjon på lovleg opphald
  • Har fylt 18 år ved oppstart i kurs

Slik søkjer du:

Søknadsfrist: kontinuerleg opptak gjennom skuleåret.

Sist endret: 26.09.2025