Opplæring for synshemma
Er du sterkt svaksynt eller blind, har du rett til nødvendig opplæring i
- punktskrift
- bruk av tekniske hjelpemiddel som du har behov for (m.a. IKT)
- å ta deg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet (mobilitet)
Du kan få inntil 456 timar i tillegg til den ordinære fag- og timefordelinga i det opplæringsløpet du følgjer. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, må det liggje føre ei sakkunnig vurdering, men opplæringa er ikkje definert som spesialundervisning. Dersom du etter sakkunnig vurdering har behov for det, har du rett til vidaregående opplæring i .
Det er ikkje utarbeidd sentrale læreplaner for desse emneområda. Skolen må derfor lage eit individuelt opplegg for deg. Du finn nærare informasjon på http://www.statped.no/fagomrader-og-laringsressurser/syn/