Registrer søknaden din på vigo.no
vigo.no
vigo.no er nettstaden for deg som søkjer vidaregåande skule og formidling til læreplass i bedrift. Mange private vidaregåande skular har søking direkte til skulen.
Logg inn med elektroniskID
Når du skal søkja vidaregåande på vigo.no, må du logga inn med MinID eller BankID.
- MinID: Bestill aktiveringsbrev på eid.difi.no
- BankID: Ta kontakt med banken din.
Slik registrer du søknaden din
- Gå til vigo.no og fyll ut søknaden.
- Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er rett.
- Treng du hjelp med søknaden? Snakk med rådgivar på skulen din.
Endra opplysningar på vigo.no
- Du kan endra søknaden din heilt fram til søknadsfristen.
- Får du nytt mobilnummer eller ny e-postadresse må du endra opplysningane på vigo.no (før 1. juli i dei fleste fylke) eller melda frå til inntakskontoret (etter 1. juli i dei fleste fylker).
Vedlegg til søknaden
Har du vedlegg til søknaden? Ta kontakt med inntakskontoret i heimfylket ditt innan utløpet av søknadsfristen.