Hopp til hovedinnhold

Spesielle tilbod i fylket

Ved nokre skolar i nokre fylke blir det oppretta spesielle tilbod. Slike spesielle tilbod kan vere fordjupingar innanfor eit programområde (f.eks. idrettsfag med alpint eller studiespesialisering med toppidrett) eller kombinasjon av yrkesfaglege og studieførebuande programområde (f.eks. yrkes- og studiekompetanse – YSK / tekniske og allmenne fag – TAF).

Du finn oversikt over dei spesielle tilboda i ditt fylke under det enkelte programområdet på sidene med utdanningsprogramma (tilboda blir lagde ut i januar). Du kan òg lese meir på denne sida, dersom fylket ditt har lagt inn informasjon nedanfor.

Informasjon fra Vestland

Desse tilboda gir ikkje inntaksområdepoeng, og alle søkjarar stiller likt ved inntak, uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Det finst tre ulike modellar for spissa toppidrett i vidaregåande skule i Vestland. Olympiatoppen Vest (OLTV) har ulike roller i dei tre modellane. Du kan få tilbod om spissa toppidrett dersom du har ferdigheiter som oppfyller krava som OLTV har vore med på å lage. På spissettoppidrett.no finn du meir informasjon, søknadsskjema og korleis du søker.

Dette er dei tre modellane:

Toppidrettslinja:
Her kan elevar frå alle idrettar søkje.

  • Tertnes vgs, studiespesialisering
  • Åsane vgs, bygg- og anleggsteknikk

Spissa skule:
Her er det tilbod for bestemte idrettar på utvalde skular og utdanningsprogram:

  • Amalie Skram vgs, studiespesialisering: symjing, stuping
  • Firda vgs, idrettsfag og studiespesialisering: alle idrettar
  • Førde vgs, studiespesialisering: volleyball
  • Sogndal vgs, idrettsfag: fotball
  • Stend vgs, idrettsfag: alle idrettar
  • Stord vgs, idrettsfag: alle idrettar
  • Voss gymnas, idrettsfag: vinteridrettar

Spissa utøvar:
Du kan få oppfølging frå OLTV sjølv om du ikkje går på ein skule med spissa toppidrett. Då får du oppfølging gjennom klubben din.

Dette tilbodet passar for deg som vil bli ingeniør og gir teoretisk kompetanse i tillegg til praktisk kompetanse innanfor fagområdet Elektro og datateknologi. Tilbodet er fagleg krevjande, med Matematikk R2 og Fysikk 1, og stor eigeninnsats er naudsynt. Søkjarar bør difor ha rimeleg gode karakterar frå ungdomsskulen, særleg i matematikk, og vere interesserte både i teoretiske og praktiske fag. Du kan lese meir om dette på Laksevåg og Bergen Maritime vgs si heimeside.

Dette er eit treårig tilbod for deg som ønskjer eit praksisretta løp innan Helse- og oppvekstfag. Opplæringa har same fag og timetal som summen av eit ordinært toårig yrkesfagleg løp og Vg3 påbygg. Fellesfag, programfag og utplassering i praksis blir då jamt fordelt over alle tre åra slik at ein unngår eit teoritungt år med påbygging på Vg3. Du må gå alle tre åra på den skulen der du blir tatt inn til Vg1. Etter tre år oppnår du generell studiekompetanse. Følgjande skular har tilbodet og du finn meir informasjon på heimesida til skulane:

Med YSK får du både studiekompetanse og fagbrev. Du må skrive lærekontrakt med ei bedrift for å få plass, og det er bedrifta som vel lærlingane – ikkje berre dei med høgast karakterar. Vanleg poenginntak gjeld ikkje for YSK-klassane, men karakternivået er ofte høgt.

Desse skulane har YSK-tilbod:

Du må søkje både på vigo.no og sende søknad direkte til skulen. For å bli vurdert bør YSK vere førstevalet ditt.

Dette utdanningstilbodet passar for deg som vil lære meir om innovasjon, entreprenørskap, ingeniørfag, medisin eller teknologi. Du får jobbe i eigen verkstad med blant anna 3D-printing og robotteknologi. Les meir på Sotra vidaregåande skule si heimeside.

Pre-IB er eit tilbod for deg som ønsker å gå International Baccalaureate (IB) på Vg2 og Vg3. Pre IB er vanleg Vg1 Studiespesialisering der undervisninga går føre seg på engelsk. Undervisninga vil vere innretta slik at du blir kjent med opplegg og terminologi som blir brukt på IB. Du vil få eit godt grunnlag til å bestemme om du til neste år ønskjer å gå vidare på IB i Vg2, eller ordinær Vg2 studiespesialiserande. Tilbodet er ope for alle søkjarar frå Vestland.

IB er eit toårig universitetsførebuande opplæringstilbod som bygger på bestått Vg1 studiespesialisering. Eksamen frå IB-linja kvalifiserer for opptak ved dei fleste høgare lærestader i verda, med moglegheiter for spesielle «Scholarships». Undervisninga er i hovudsak på engelsk. I tillegg til Bergen Katedralskole er det er høve til å søkje IB ved UWC i Fjaler. Vestland fylkeskommune har avtale om å kjøpe inntil tre plassar på Vg2 og tre plassar på Vg3. Meir informasjon om tilbodet finn du på nettsida til skulane:

Sist endret: 26.09.2025