Fullføringsreformen
Fullføringsreforma er ei omfattande reform som har som mål å sikra at fleire ungdommar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. For å nå dette målet skal det utviklast eit meir fleksibelt opplæringsløp som tek omsyn til ungdom og ønska, erfaringane og livssituasjonen til vaksne.
Viktige tiltak i reforma:
- Fullføringsretten: Retten til vidaregåande opplæring blir utvida til å gjelda fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, uavhengig av kor lang tid det tek.
- Utvida rett til omval: Elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til å gjera så mange omval dei vil, fram til søknadsfristen for inntak det året dei fyller 19 år. Dei som ikkje har brukt retten til omval før fristen, har rett til eitt omval.
- Utvida rett til påbygging: Retten til påbygning til generell studiekompetanse for ungdom med bestått fag- og yrkesopplæring vil ikkje lenger ha tidsavgrensing. Frå eleven er 19 år kan retten takast ut som vaksen. Ein har rett til påbygging sjølv om ein har nytta seg av retten til yrkesfagleg rekvalifisering.
- Rett til yrkesfagleg rekvalifisering: Personer som har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse har rett til videregående opplæring frem til én ny yrkesfaglig sluttkompetanse. Elever som har tatt påbygging til generell studiekompetanse har to sluttkompetanser, og har derfor ikke denne retten. Det er ingen øvre aldersgrense for retten til yrkesfaglig rekvalifisering.
- Rett til rådgiving for dei som har læretid i bedrift: Fylkeskommunen skal sørgja for at også dei som har læretid i bedrift får tilgang til rådgiving om utdanning og yrkesval, og rådgiving om sosiale og personlege forhold.
- Oppfølgingstenesta: Målgruppa til oppfølgingstenestene er utvida frå tidlegare 16–21 år til 16–24 år.
Denne artikkelen er berre meint som ei kort oppsummering av nokre viktige punkt i fullføringsreforma. Arbeidet med oppfølging av fullføringsreforma har ein tidshorisont på ti år og det er foreslått over 100 tiltak retta mot vidaregåande opplæring. For ei fullstendig oversikt må du lesa meir på udir.no.