Vidaregåande opplæring for vaksne
Det er ingen øvre aldersgrense for å søkja vidaregåande opplæring, men er du over 24 år må du ta vidaregåande opplæring spesielt tilpassa vaksne. Er du mellom 19-24 kan du velja om du vil ta opplæringa for unge eller for vaksne.
Dersom du har fullført litt av vidaregåande opplæring, som til dømes nokre fag, eller har fullført eit lærekandidatløp eller vore praksisbrevkandidat, har du framleis rett til å fullføra vidaregåande opplæring til du har oppnådd yrkjast– eller studiekompetanse.
Opplæringa skal byggja på den kompetansen du allereie har, og skal leggjast opp slik at du raskast mogleg kan oppnå relevant kompetanse for arbeid eller vidare utdanning. Det inneber at du som vaksen har rett på Realkompetansevurdering.
Vaksne skal primært takast inn til opplæringstilbod organisert spesielt for vaksne, men som voksen kan du også søkja om inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skule.
Har du behov for informasjon eller rettleiing?
- Kontakt fylkeskommunen for nærare opplysningar om vidaregåande opplæring for vaksne.
- Du også nytta deg av karrieresenteret i fylket ditt, som tilbyr gratis karriereveildening til alle over 19 år.
- karriereveiledning.no tilbyr karriererettleiing via chat eller telefon.