Hopp til hovedinnhold

Realkompetansevurdering

Når du søkjer vidaregåande opplæring som vaksen har rett til å få vurdert realkompetansen din.

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er all den kunnskapen og ferdigheitene ein person har. Det kan vera noko ein har lært gjennom skule og studium, gjennom kurs, eller gjennom erfaringar frå jobb, frivillig arbeid, eller fritidsaktivitetar.

For at desse erfaringane skal telja som realkompetanse, må dei vera relevant for utdanninga du ønskjer å ta. Det betyr at det du har lært gjennom til dømes jobb, skule og fritid må kunna brukast i utdanninga eller jobben.

Alle fylke har karrieresenter som kan hjelpa deg med realkompetansevurdering. Det kan vera smart å finna ut korleis realkompetansevurderinga blir gjord i fylket ditt.

  • Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag, som kan vere både fellesfag og programfag.
  • Dersom realkompetansen er likeverdig med kompetanse som blir oppnådd gjennom formell opplæring, skal han bli godkjend. Du kan få godkjent heile eller delar av faget.
  • Godkjend realkompetanse i eit fag er likeverdig med bestått i faget.
  • Godkjend realkompetanse skal dokumenterast med kompetansebevis, eventuelt med vitnemål.
  • Du kan ikkje få realkompetansevurdering som sluttvurdering i fag frå læreplanar for Vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram.

Disse fylkene har tilleggsinformasjon til dette punktet