Hopp til hovedinnhold

Førebuande opplæring for vaksne (FOV)

Førebuande opplæring for vaksne (FOV) er eit tilbod for personar over 16 år som treng grunnleggjande opplæring på nivået under vidaregåande skule. Dette inkluderer heile fag, deler av fag eller opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, norsk munnleg, rekning og digitale ferdigheiter. Opplæringa er gratis og skal tilpassast behovet til den enkelte. Det er kommunane som har ansvaret for gjennomføring av førebuande opplæring for vaksne.

23/5-regelen

Har du fylt 23 år, og samtidig har 5 års samla fulltidserfaring frå arbeid og/eller utdanning (23/5-regelen), kan du oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre følgjande fellesfag:

  • Engelsk 140 timar
  • Historie 140 timar
  • Matematikk 224 timar
  • Naturfag 140 timar
  • Norsk 393 timar
  • Samfunnsfag 84 timar

I fylka er det tilbod om opplæring for vaksne i dei fellesfaga som er nødvendige for å oppnå generell studiekompetanse. Opplæringa kan gå føre seg både på dag- og kveldstid.

Disse fylkene har tilleggsinformasjon til dette punktet