Hopp til hovedinnhold

Kva samfunnet treng i dag og i framtida

Det kan vera vanskeleg å vita akkurat kva jobbar som finst om ti år. Verda endrar seg fort – nye yrke dukkar opp, medan andre forsvinn. Samtidig skjer det mykje innan teknologi, og stadig fleire bedrifter jobbar internasjonalt.

Men nokon ting veit me allereie:

  • Dyktige handverkarar trengst meir enn før. No og i framtida, vil det vera stor etterspurnad etter personar med vidaregåande utdanning innan helse- og omsorgsfag, bygg- og anleggsteknikk, teknologi- og industrifag og elektro- og datateknologi.
  • Mange kjem til å byta jobb fleire gonger i løpet av livet. Det betyr at du må vera førebudd på å læra nye ting undervegs.
  • Gamle jobbar endrar seg. Yrke du kanskje har høyrt om, krev ofte ny kompetanse i dag.

Kva betyr dette for deg?

Det aller viktigaste er at du blir god til å læra. Når du kan setja deg inn i nye ting og samarbeida med andre, står du mykje sterkare – same kva du vel å jobba med.

Ei vidaregåande utdanning gir deg eit solid grunnlag. Den gjer det enklare å både forstå teori og å meistra nye praktiske oppgåver seinare i livet.

Sist endret: 21.08.2025