Landslinjer og landsdekkjande tilbod
Kva er landslinjer og landsdekkjande tilbod?
Landslinjer og landsdekkjande tilbod er opplæringstilbod som berre blir tilbode på éin eller nokre få skular i Noreg. Desse tilboda kan søkjast av elevar frå heile landet, og alle blir likt vurderte i inntaket.
Du må som regel bu borte og kan søkja støtte frå Lånekassen til bortebuarstipend. Du søkjer desse tilboda via nettstaden vigo.no via eige fylke.
Oversikt over landslinjer og landsdekkjande tilbod
Tilboda for skuleåret 2026–2027 er ikkje klare. Nye tilbod blir vedtekne og publiserte i desember 2025.
Fram til fylka begynner å publisere tilboda sine i desember, er det inga liste her – men du kan sjekke oversikta over landslinjer og landsdekkjande tilbod dette skoleåret.