Høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse
Du kan søkje opptak til studium ved universitet og høgskolar basert på realkompetanse.
- Er du 25 år eller meir, men ikkje kan dokumentere generell studiekompetanse, har du krav på å få vurdert om du er studiekvalifisert på grunnlag av realkompetanse.
- Det er lærestaden sjølv som vurderer kva som er nødvendige kvalifikasjonar, og avgjer kva som er ein eigna og tenleg framgangsmåte for slike vurderingar..
- Kvalifikasjonane dine skal vurderast i forhold til det faget du ønskjer å studere.
- Sjølv om du får realkompetanse for å studere eitt fag, kan du ikkje krevje studiekompetanse for andre fag eller studium.
På samordnaopptak.no kan du lese meir om opptak på grunnlag av realkompetanse.