Hopp til hovedinnhold

Inntak for søkjarar med fortrinnsrett

Som hovudregel skjer inntaket til vidaregåande opplæring i skole etter poeng, en nokre søkjargrupper kan ha fortrinnsrett til inntak. Fortrinnsretten kan gjelde alle trinn i vidaregåande skole.

Fristen for søknad om fortrinnsrett er 1. februar.

Søkjarar som blir prioriterte først (førerett) i inntaket til vidaregåande opplæring:

  • søkjarar til eit spesielt utdanningsprogram på Vg1
  • søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne
  • søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk 

Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram på Vg1

Har du eit omfattande behov for individuell tilrettelegging og vanskar som gjer at du må følgje eit bestemt utdanningsprogram, har du fortrinnsrett til inntak på Vg1. Vanskane dine må vere av ein slik art at val av utdanningsprogram har svært mykje å seie for at du skal kunne fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Dersom det er sannsynleg at du kan fullføre tre ulike utdanningsprogram, har du ikkje fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram.

Ønsker du å søkje fortrinnsrett, må kommunen, innan 1. oktober og etter ditt samtykke, sende ei melding til fylkeskommunen om behova dine, slik at den pedagogisk-psykologiske tenesta i fylkeskommunen kan gjere ei endeleg sakkunnig vurdering. I meldinga må kommunen leggje ved siste vedtak om spesialundervisning med sakkunnig vurdering og gjere greie for

  • vanskane som ligg til grunn for vedtaket om individuell tilrettelegging og kvifor dei meiner du oppfyller vilkåra for inntak til eit særskilt utdanningsprogram
  • tidlegare tiltak
  • kva vanskane dine vil ha å seie for vidaregåande opplæring

Når du søkjer sjølv, må du ha valt utdanningsprogram på grunnlag av og i samsvar med den sakkunnige vurderinga.

Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

Har du rett til individuell tilrettelegging og har sterkt nedsett funksjonsevne, kan du søkje om fortrinnsrett dersom du har behov for å bli teken inn på ein skole som er særskilt lagt til rette. Det må liggje føre dokumentasjon som stadfester dei særlege behova dine.

Du har rett til inntak til Vg1 på eitt av tre valde utdanningsprogram, men fylkeskommunen vurderer på individuelt grunnlag om det er tungtvegande grunnar for at du bør takast inn til ein bestemt skole. Du har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.

Innan 1. oktober skal kommunen, etter ditt samtykke, melde frå til fylkeskommunen om at du har sterkt nedsett funksjonsevne.

Du kan også søkje om fortrinnsrett til inntak til Vg2 og Vg3 etter denne føresegna. Dette gjeld sjølv om du ikkje var teken inn til Vg1 med fortrinnsrett. Du har da rett til inntak på eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du tidlegare har fullført. Var du teken inn til Vg1 med fortrinnsrett, har du rett til å halde fram på den same skolen. Har du ikkje tidlegare nytta deg av fortrinnsretten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne, har du ikkje rett til inntak på ein bestemt skole.

Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk

Har du rett til opplæring i eller på teiknspråk, kan du søkje om fortrinnsrett til 

  • inntak til Vg1 med bruk av tolk i ordinær vidaregåande skole
  • inntak til skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk.

I søknaden må du opplyse om kva du prioriterer høgast. I samband med søknaden din skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering som blant anna gjer greie for og tek standpunkt til 

  • det behovet du har for opplæring i og på teiknspråk
  • om behovet ditt blir sikra best gjennom opplæring i eit teiknspråkleg miljø eller ved opplæring på ein ordinær skole med tolk
  • om du har tilleggsvanskar utover høyrslehemminga, slik at det kan vere behov for individuell tilrettelegging

Du har rett til inntak til eitt av tre valde utdanningsprogram. Fylkeskommunen kan plassere deg på ein skole som er tilrettelagt etter behova dine. Blir du teken inn til ein skule som har opplæring i og på norsk teiknspråk har du normalt rett til å fullføre opplæringsløpet ved denne skolen.

Blei du teken inn til ordinær vidaregåande opplæring med tolk eller til ein skole som har opplæring i og på norsk teiknspråkpå Vg1, kan du søkje om å bli teken inn med fortrinnsrett til ordinær vidaregåande opplæring med tolk på eit Vg2 eller Vg3 som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du har avslutta. Fylkeskommunen kan da plassere deg på ein skole som er tilrettelagt.

Føresetnaden for inntak til Vg2 eller Vg3 er anten at du har bestått alle faga på det føregåande trinnet, eller at fylkeskommunen, etter ei heilskapleg vurdering, finn det forsvarleg at du ut frå dei faglege føresetnadene dine blir teken inn på neste trinn.

Sist endret: 05.09.2025

Informasjon fra Vestland

Søkjarar med fortrinnsrett

Melding om fortrinnsrett (frist 1. oktober):

Elevar som skal søkjast inn etter følgjande paragrafer, må meldast til fylkeskommunen innan 1. oktober via meldeskjema:

  • § 4-21: Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram ved inntak til vidaregåande trinn 1
  • § 4-22: Fortrinnsrett til ein skule som er særskilt tilrettelagd ved inntak til vidaregåande trinn 1

Elevar som søkjer inn etter følgande paragraf treng ikkje sende inn meldeskjema.

  • § 4-23:Fortrinnsrett for søkjarar med rett til opplæring i og på teiknspråk

Alle som ønskjer å søkje med fortrinnsrett må:

  • Registrere søknaden sin på vigo.no innan 1. februar
  • Sende inn vedleggsskjema innan 1. februar
  • Dokumentasjon og uttale frå avgjevarskule skal lastast opp i vedleggsskjemaet.

Skjemaet blir tilgjengeleg frå starten av januar.

All dokumentasjon må vere sendt inn innan søknadsfristen 1. februar. Dersom dokumentasjonen ikkje er klar til fristen, skal dokumentasjonen ettersendast så snart som mogleg ved bruk av skjemaet «Ettersending av dokumentasjon».

Sist endret: 30.09.2025