Hopp til hovedinnhold

Inntaksreglar

Inntak til Vg1

For å bli teke inn til eit utdanningsprogram på Vg1 er hovudregelen at du må ha gått gjennom norsk grunnskule eller tilsvarande.

På 10. trinn må du velja kva utdanningsprogram du skal søkja på. Du må sjølv søkja om plass i vidaregåande skule. Hovudregelen er at du skal søkja plass i fylket du bur i.

  • Du har rett til å komma inn på eitt av dei tre utdanningsprogramma du ønskjer mest.
  • Sluttkarakterane dine frå 10. trinn kan vera med på å avgjera om du kjem inn på førsteønsket ditt.
  • Kvart fylke har eigne reglar som bestemmer kva skular du kan søkja på.
     

Inntaksreglar i fylket

Fylkene har eigne reglar som bestemmer kva skular du kan søkja på. Vanlegvis følgjer inntaksreglane i fylket eitt av desse tre prinsippa:

  • Du kan søkja på alle skular i fylket.
  • Du kan søkja på skular som ligg i din del av fylket (regionen din).
  • Du må søkja den skulen som ligg nærast der du bur (som tilbyr det utdanningsprogrammet du ønskjer).

I fylke der du kan velja mellom skular, vil karakterane dine vera med på å avgjera kva skule du kjem inn på. Det blir rekna ut ein poengsum på grunnlag av karakterane dine.

 

Inntak til Vg2 og Vg3

Hovedregelen for inntak til Vg2 og Vg3 er at du har bestått alle fag på førre trinn. Dette gjeld både fag der det er sett standpunkt- og eventuelt eksamenskarakter og fag der det er sett halvårsvurdering med karakter.

 

Andre vilkår (dokumentert dugleik / intervju)

Fylkeskommunen kan bestemme at inntil halvparten av søkjarane til Vg1 i utdanningsprogramma for idrettsfag og musikk, dans og drama kan bli tekne inn på grunnlag av dokumentert dugleik eller inntaksprøve i kombinasjon med karakterar.

For inntak til spesielle yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkes- og studiekompetanse , kan fylkeskommunen bestemme at inntaket skal skje etter poeng og intervju.

 

Søkjarar utan bokstav- eller talkarakterar

Har du fullført ein godkjend 10-årig grunnskole, men har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, søkjer du Inntak etter individuell behandling. Det samme gjeld om du har fullført Vg1 eller Vg2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller tallkarakterar. Dette gjeld for eksempel deg som har vore elev ved Steinerskolen.

 

Spesielle krav til yrkesutøving

Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, sjøl om dei same krava ikkje blir stilte for å bli teken inn til vidaregåande opplæring. Det kan vere krav om politiattest, krav til syn, høyrsel o.l. Du bør derfor lese om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i, før du bestemmer deg for kva du vil søkje.

Sist endret: 07.10.2025

Informasjon fra Vestland

Vestland har åtte inntaksområder. Du høyrer til eit inntaksområde ut frå kva kommune du er folkeregistrert i. Når du søkjer til Vg1 på vidaregåande skular innanfor ditt inntaksområde, får du 100 inntaksområdepoeng.

Du kan sjå kva skular som høyrer til ditt inntaksområde nedanfor.
Søkjarar frå enkelte kommunar eller postnummer kan få inntaksområdepoeng til skular utanfor sitt eige inntaksområde (sjå oversikta nedanfor).

Dersom eit utdanningstilbod ikkje finst i ditt inntaksområde, får du inntaksområdepoeng til alle skular som tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet.

Inntaksområdepoeng gjeld ikkje ved søknad til:

  • Idrettsfag
  • Musikk, dans og drama
  • Naturbruk
  • Pre-IB (studiespesialisering med førebuande IB)
  • Yrkes- og studiekompetanse (YSK)
  • Yrkesfaglege løp med studiekompetanse (elektro og datateknologi og helse- og oppvekstfag)

 

Inntaksområder

Kommunar: Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes

Vidaregåande skular: Stord vgs, Bømlo vgs, Fitjar vgs, Kvinnherad vgs og Austevoll vgs

  • Søkjarar frå Kvinnherad kommune får inntaksområdepoeng også til Odda vgs
  • Søkjarar frå Kvinnherad kommune, postnummer 5635 Hatlestrand, 5636 Varaldsøy og 5637 Ølve får inntaksområdepoeng også til Fusa vgs og Kvam vgs
  • Søkjarar frå Tysnes kommune får inntaksområdepoeng også til Os vgs, Os gymnas og Fusa vgs. og dei vidaregåande skulane i Bergen kommune
  • Søkjarar frå Etne kommune, postnummer 5596 Markhus og 5598 Fjæra får inntaksområdepoeng også til Odda vgs

Kommunar: Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ulvik, Ullensvang, Vaksdal og Voss

Vidaregåande skular: Odda vgs, Voss vgs, Voss gymnas og Kvam vgs

  • Søkjarar frå Samnanger kommune får inntaksområdepoeng også til Osterøy vgs, Fusa vgs Os vgs, Os gymnas og dei vidaregåande skulane i Bergen
  • Søkjarar frå Vaksdal kommune får inntaksområdepoeng også til Osterøy vgs og dei vidaregåande skulane i Bergen
  • Søkarar frå Kvam kommune får inntaksområdepoeng også til Fusa vgs

Kommunar: Askøy, Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden

Vidaregåande skular: Amalie vgs, Arna vgs, Bergen Katedralskole, Lakesvåg og Bergen maritime vgs, Fyllingsdalen vgs, Nordahl Grieg vgs, Langhaugen vgs, Olsvikåsen vgs, Sandsli vgs, Slåtthaug vgs, Stend vgs, Tertnes vgs, Årstad vgs, Åsane vgs, Askøy vgs, Sotra vgs, Osterøy vgs, Austevoll vgs, Os vgs, Os gymnas, Fusa vgs

  • Søkjarar frå Bergen kommune får inntaksområdepoeng også til Knarvik vgs
  • Søkjarar til Vg2 ambulansefag frå inntaksområde 1, 2, 3 og 4 får inntaksområdepoeng til Os vgs

Kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen

Vidaregåande skular: Austrheim vgs, Knarvik vgs

  • Søkjarar frå Alver kommune får inntaksområdepoeng også til dei vidaregåande skulane i Bergen kommune
  • Søkjarar frå Modalen kommune får inntaksområdepoeng også til Voss vgs., Voss gymnas og dei vidaregåande skulane i Bergen

Kommunar: Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster

Vidaregåande skular: Sogndal vgs og Årdal vgs

  • Søkjarar frå Aurland kommune får inntaksområdepoeng også til Voss gymnas og Voss vgs
  • Søkjarar frå Sogndal kommune, postnummer 6898 og 6899 Balestrand, får inntaksområdepoeng også til Høyanger vgs
  • Søkjarar frå Vik kommune får inntaksområdepoeng også til Voss gymnas og Voss vgs

Kommunar: Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll og Fjaler

Vidaregåande skular: Dale vgs

  • Søkjarar frå Askvoll, postnummer 6983 Kvammen, får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
  • Søkjarar frå Askvoll kommune, postnummer 6986 Værlandet og 6987 Bulandet får inntaksområdepoeng også til Førde vgs. og Flora vgs. og Måløy vgs
  • Søkjarar frå Gulen kommune får inntaksområdepoeng også til Austrheim og Knarvik vidaregåande skular
  • Søkjarar frå Solund kommune får inntaksområdepoeng også til Austrheim vgs. og Flora vgs

Kommunar: Sunnfjord, Kinn sør og Høyanger

Vidaregåande skular: Førde vgs, Flora vgs og Høyanger

Søkjarar frå Høyanger kommune, postnummer 5962 og 5965 Bjordal, får inntaksområdepoeng også til Knarvik vgs

  • Søkjarar frå Høyanger kommune, postnummer 6946 og 6947 Lavik får inntaksområdepoeng også til Dale vgs
  • Søkjarar frå Kinn sør får inntaksområdepoeng også til Måløy vgs
  • Søkjarar frå Sunnfjord kommune, postnummer 6841 og 6843 Skei i Jølster, får inntaksområdepoeng også til Firda vgs
  • Søkjarar frå Sunnfjord kommune, postnummer 6971 og 6973 Sande i Sunnfjord og postnummer 6976 og 6977 Bygstad, får inntaksområdepoeng også til Dale vgs
  • Søkjarar til vg2 ambulansefag frå inntaksområde 5, 6, 7 og 8 får inntaksområdepoeng til Førde vgs

Kommunar: Stad, Stryn. Gloppen, Kinn nord og Bremanger

Vidaregåande skular: Eid vgs, Stryn vgs, Firda vgs, Måløy vgs

  • Søkjarar frå Gloppen kommune, postnummer 6821, 6822 og 6823 Sandane og postnummer 6828 Hestenesøyra får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
  • Søkjarar frå Gloppen kommune, postnummer 6826 og 6830 Byrkjelo og 6827 Breim, får inntaksområdepoeng også til Førde vgs
  • Søkjarar fra Gloppen kommune, postnummer 6829 og 6831 Hyen får inntaksområdepoeng også til Førde vgs. og Flora vgs
  • Søkjarar frå Kinn nord får inntaksområdepoeng også til Flora vgs
  • Søkjarar frå Bremanger kommune får inntaksområdepoeng også til Flora vgs
  • Søkjarar frå Bremanger kommune, postnummer 6721 og 6723 Svelgen får inntaksområdepoeng også til Førde vgs

Sist endret: 14.10.2025