Hopp til hovedinnhold

Skolegang i andre fylke

Hovudregelen er at du skal søkje og få tilbod om skoleplass i det fylket du bur i.* Det er likevel mogleg å søkje skoleplass i andre fylke.

Ordningar der søkjarar blir prioriterte likt

Avtale mellomm nabofylker

  • Nokre nabofylke har spesielle avtalar om å tilby plassar på tvers av fylkesgrensene. Slike avtalar kan gjelde ein spesifikk type søkjarar, til dømes søkjarar som bur nær ein skole i nabofylket. Les meir i informasjonen frå fylket ditt nedanfor.
Landslinjer eller landsdekkjande tilbod

Søkjer du skoletilbod som er omfatta av ordningane som er nemnde ovanfor, konkurrerer du på lik linje med andre søkjarar, uavhengig av om du bur i fylket der skolen ligg, eller ikkje.

* Det er den folkeregistrerte adressa di 1. mars (eller ein annan dato fylket har bestemt) som tel. Dersom du skal flytte med eller til føresette i eit anna fylke etter søknadsfristen, må du kontakte i dette fylket for informasjon om kva reglar og dokumentasjonskrav som gjeld. Les meir om .  

Søkjarar frå andre fylke blir prioriterte etter dei som bur i fylket

Utover ordningane som er nemnde ovanfor, er det mogleg å søkje om skoleplass i eit anna fylke enn der du er busett, men du blir prioritert etter dei som er busette i fylket.

Desse reglane gjeld når du søkjer om plass i eit anna fylke:

  • Du må registrere ein eigen søknad på vigo.no som blir lagd inn på det fylket der skolen ligg.
  • Søkjarane som er busett i fylket får tilbod om skoleplass først.
  • Deretter får prioriterte søkjarar frå andre fylke tilbod om plass.*
  • Dersom det framleis er ledige plassar ved skolen og programområdet du søkjer til, kan du konkurrere deg inn på grunnlag av karakterar.
  • Dersom det er ledige plassar og fylket kan tilby deg ein plass, vil du i dei fleste tilfella ikkje få melding om dette før ved siste inntak i august.

Les informasjonen frå fylket ditt nedanfor. i fylket du søkjer til, kan også gje deg nærare informasjon.

* Prioriterte søkjarar frå andre fylke (prioritert gjesteelev)
  • Søkjarar med ungdomsrett som har tungtvegande sosiale eller pedagogiske grunnar for å gå på skole i eit anna fylke enn heimfylket sitt, kan søkje om å bli prioriterte i dette fylket (dette blir kalla prioritert gjesteelev).
  • Søkjarar med ungdomsrett som har rett til opplæring i samisk, og som har behov for å gå på skole i eit anna fylke for å få opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag, kan også søkje om å bli prioriterte.
  • Kontakt i fylket der skolen ligg, for nærare informasjon om vilkår og framgangsmåte, og informasjon om korleis du søkjer. Sjølve skolesøknaden registrerer du på vigo.no, der du legg han inn på det fylket skolen ligg i.

Skoleplass i fleire fylke

Hugs at datoar for inntaksmelding kan variere frå fylke til fylke. Dersom du søkjer skoleplass i fleire fylke, kan tilbod om skoleplass kome på ulike datoar gjennom sommaren. Det er viktig at du seier frå deg plassar du ikkje skal ta imot, slik at dei kan gå vidare til andre søkjarar.

Statlege skolar

Staten driv sjølv nokre vidaregåande skolar:

Alle kan søkje statlege skolar.

 

Informasjon fra Vestland

Kjøp av skuleplass til tilbod vi ikkje har i Vestland

Dersom du ønskjer å søke eit programområde som vi ikkje gir tilbod om i Vestland, kan du få tilbod om plass i eit anna fylke.

I Vigo brukar du skulenamn "Kjøp av plass i anna fylke". Denne "skulen" finn du berre på dei programområda som Vestland ikkje tilbyr. Vi oppmodar at du i tillegg søkjer direkte til det aktuelle skulefylket.

Det er berre aktuelt å kjøpe skuleplass i anna fylke dersom du har dette ønske som første prioritet på søknaden, og har ungdomsrett i Vestland. Du er ikkje garantert plass i anna fylke og vi rår difor til at du i tillegg søkjer anna programområde i Vestland fylke.

Avtale mellom Vestland og Rogaland

Bur du i Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Kvinnherad eller Ullensvang? Vi har gjort avtale med Rogaland for elevar som bur i kommunar nær fylket.

Søkjarar frå Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Kvinnherad og Ullensvang kan søke skuleplass ved følgjande skular i Rogaland:

 
Korleis søkjer du?

Du registrerer søknaden på vigo.no. Når du går inn på vigo.no kjem Vestland fylkeskommune som eit automatisk val. Under «Søknad til anna fylke» vel du Rogaland. Du konkurrerer om plass på same vilkår som søkjarar frå Rogaland.

NB: Vi oppmodar deg til å også søkje skuleplass i Vestland fylkeskommune. Du vil da få inntaksmelding frå begge fylka, og takkar JA til plassen du ønskjer i eitt av fylka.

Merk at inntaksmeldinga frå Vestland ofte kjem nokre dagar seinare enn frå Rogaland og at svarfristen kan variere.

Sist endret: 11.09.2025