Klage på vurdering
Som elev kan du klaga på
- standpunktkarakterar
- vedtak om å ikkje setja standpunktkarakterar
- eksamenskarakterar
Som privatist kan du klaga på eksamenskarakterar.
Du kan klaga sjølv, eller gi noka skriftleg fullmakt til å klaga for deg. Er du under 18 år, kan foreldra eller føresette klage (også om du sjølv ikkje ønskjer det).
Klaga må vera skriftleg, underskriven og seia tydeleg kva du klagar på. Det er lurt å forklara kvifor du klagar, men ved skriftleg eksamen treng du ikkje å grunngi klaga.
Klagebehandlinga kan føra til at karakteren blir ståande uendra eller at han blir sett opp eller ned. Du får ei grunngiving for avgjerda, men ho er endeleg og kan ikkje klagast på.
Viss ei klage medfører endra karakter, skal det skrivast ut nytt vitnemål eller kompetansebevis. Det gamle skal leverast tilbake.
Informasjon frå skulen
Skulen er ansvarleg for å informera om klageretten, klagefristar, kva ei klage skal innehalda, kvar ho skal sendast, kven som skal behandla den m-en.m.
Ver merksam på at halvårsvurderingar med karakter verken kan klagast på eller endrast etter at dei er gitt.
Klagefristar
Klagefristen er 10 kalenderdagar når det gjeld vedtak om standpunkt- og eksamenskarakterar, inkludert orden og åtferd. Klagefristen startar å springa når melding om vedtaket har komme fram til deg eller når du burde ha gjort deg kjend med vedtaket.
Grunngiving for karakterar
Du som har klagerett, kan innan klagefristen be om skriftleg grunngiving for standpunktkarakterar, vedtak om at det ikkje blir sett standpunktkarakter, eller karakter på fag-, sveine-, praksisbrev- eller kompetanseprøve.
Du kan også be om munnleg grunngiving for karakterar på munnleg eksamen eller eksamenar som ikkje berre er skriftlege eller munnlege.
Grunngivinga skal givast av læraren, sensor eller prøvenemnda som sette karakteren.
For skriftleg eksamen har du ikkje rett til grunngiving, men du kan få kopi av ditt eige eksamenssvar og retningslinjene som sensorane brukte.
Klage på standpunktkarakter
Ein elev som meiner at skulen ikkje har følgt reglane for fastsetjing av standpunktkarakter i fag, kan klaga på vurderinga. Det same gjeld vedtak om at det ikkje er sett standpunktkarakter og for klager på standpunktkarakter i orden og åtferd.
Slik klagar du
Klagen må vera skriftleg og sendast til skulen. Skulen skal først ta stilling til om den er samd i klaga før den eventuelt sender den vidare til klageinstansen.
Skulen kan endra vedtaket
Skulen kan sjølv endra karakteren til fordel for eleven, dersom skule vurderer at klaga er på sin plass.
Då blir karakteren sett opp eller ein Iv-karakter blir endra til ein karakter mellom 1 og 6, og skulen sender ikkje klaga vidare til klageinstansen.
Endringa blir rekna som eit nytt vedtak, som skal grunngivast skriftleg. Eleven får då ny klagerett på det nye vedtaket.
Viktig: Skulen kan ikkje endra karakteren til ugagn for eleven, altså setja han ned.
Dersom skulen ikkje gir medhald
Dersom skulen ikkje endrar karakteren, blir klaga send vidare til ein klageinstans som er utnemnd av fylkestinget. Klageinstansen vurderer om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgd, men vurderer ikkje sjølve karakteren.
Dersom klageinstansen finn at det er gjort feil i saksbehandlinga eller regelverket ikkje er følgd, blir saka send tilbake til skulen for ny vurdering. Rektor tek då ei ny avgjerd. Denne avgjerda er endeleg, og det er ikkje høve til å klaga på den igjen.
Saman med klaga di blir det sendt ei fråsegn frå faglærar om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett karakter, og ei fråsegn frå rektor om saksbehandlinga ved skulen. Du skal få kopi av desse utsegnene.
Klage på nedsett standpunktkarakter i orden og i åtferd blir også send til skulen. Før han blir sendt vidare til klageinstansen skal kontaktlæraren din og rektor laga ei fråsegn m.a. om kva karakterar som har vore gitt tidlegare, grunnlaget for å setja ned karakteren, kva tiltak skulen har sett i verk for å retta på forholda og korleis saksbehandlinga til skulen har vore. Du skal ha kopi av uttalen frå skulen. Klageinstansen avgjer om karakteren skal endrast, til gunst eller ugagn for deg. Dette vedtaket kan ikkje klagast på.
Klage på karakter ved skriftleg eksamen
Du kan klaga om du meiner karakteren på den skriftlege eksamenen er feil. Klageretten gjeld alle som har vore oppe til eksamen, inkludert privatistar, praksiskandidatar og elevar.
Ei eiga klagenemnd, valt av Statsforvaltaren, vurderer klaga.
Om du er elev, sender skulen klaga og eksamenssvaret ditt til Statsforvaltaren. Om du er privatist eller praksiskandidat, sender fylkeskommunen klaga og eksamenssvaret ditt.
Klagenemnda får sjå eksamenssvaret ditt og den opphavlege karakteren, men dei får ikkje lesa sjølve klaga.
Resultatet kan bli:
- Klaga blir avvist
- Karakteren blir ståande
- Karakteren blir endra (opp eller ned)
Klagenemnda treng ikkje forklara kvifor dei bestemmer som dei gjer.
Klage på karakter ved munnleg eksamen
Ved munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen kan du ikkje klaga på karakteren. Du kan berre klaga dersom det har skjedd formelle feil som kan ha påverka resultatet.
Døme på formelle feil:
- Du fekk feil oppgåve
- Du fekk for kort tid
- Du mangla utstyr du skulle hatt
- Sensor var inhabil
- Sensor vurderte innsats eller åtferd, ikkje berre fagkunnskap
Rektor skal henta inn utsegner frå sensor og eksaminator om korleis eksamen vart gjennomført, og senda desse saman med klaga di og sin eigen uttale til Statsforvaltaren, som behandlar klaga. Du har rett til innsyn i utsegnene.
Dersom du får medhald i at det er gjort formelle feil, blir eksamenskarakteren annullert. Du kan då velja om du vil gå opp til ny munnleg eksamen. I så fall vil du få ein annan sensor. Om du klaga på eksamen i eit trekkfag, vil det bli trekt fag på nytt.
Klage på resultatet ved andre eksamenar
Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje finst dokumentasjon som kan vurderast på nytt, kan du berre klaga på formelle feil som kan ha påverka resultatet. Då gjeld dei same reglane som for munnleg eksamen.
Alle reglane om klage på sluttvurderingar finn du i Opplæringsforskriften kapittel 10