Korleis søkjer du læreplass?
Du må søkja
- formidling til læreplass på vigo.no
- direkte til bedrifta.
Logg inn på vigo.no med elektroniskID
Når du skal søkja formidling til læreplass på vigo.no, må du logga inn med MinID eller BankID.
- MinID: Bestill aktiveringsbrev på eid.difi.no
- BankID: Ta kontakt med banken din.
Søknadsfristar
- Lærling: 1. mars
- Lærekandidat: 1. februar
* Dersom søknadsfristen går ut på ein laurdag eller søndag, blir fristen utvida til etterfølgjande måndag.
Korleis blir søknaden behandla?
- Fylkeskommunen prøver å formidla deg til læreplassar i fag du har søkt.
- Du kan bli tilvist til læreplassar i fag du ikkje har søkt, men som byggjer på ditt Vg2.
- Det er bedrifta som sjølv vel ut kven som skal tilbydast læreplass.
- Vanlegvis blir du innkalla til intervju . Hugs å vera tilgjengeleg på telefon så lenge formidlinga går føre seg – fram til ca. 1. september.
Har du fått tilbod om læreplass?
- Hugs at det må sendast stadfesting frå bedrifta til eller i heimfylket ditt.
- Takkar du nei til eit tilbod om læreplass i ei bedrift som fylkeskommunen har formidla deg til, har du ikkje krav på fleire tilbod.
Har du ikkje fått tilbod om læreplass?
Om du ikkje får læreplass bør du ta kontakt med fagopplæringskontoret i fylket ditt. Hugs å vera tilgjengeleg på telefon så lenge formidlinga går føre seg – fram til ca. 1. september!
Ta kontakt med bedrifter sjølv
På sidene med utdanningsprogramma finn du oversikt over kva lærebedrifter som gir opplæring i dei ulike lærefaga.
Får du avtala om læreplass, må du alltid hugsa å senda inn stadfesting frå bedrifta per post til inntakskontoret eller fagopplæringskontoret i fylket ditt.
Dette bør du sjekka før du søkjar
Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, og som regel må du oppfylla dei same krava for å få læreplass. Det kan vera krav om politiattest, krav til syn, høyrsel o.l. Du bør derfor lesa om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i før du bestemmer deg for kva du vil søkja.
Ver tilgjengeleg på mobiltelefon!
Formidling til læreplass skjer heilt fram til ca. 1. september.
Bedriftene ringjer gjerne for å avtala intervju. Ver derfor tilgjengeleg på mobiltelefon i heile formidlingsperioden.