Påbygging til generell studiekompetanse
Du kan òg oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå Vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter at du har
- fullført og bestått Vg1 og Vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
- oppnådd yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev).

Fag- og timefordeling
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Dersom du tek påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2 skal du ha følgjande fag:
- Historie (140 timar)
- Kroppsøving (56 timar)
- Matematikk 2P-Y (140 timar)
- Naturfag (84 timar)
- Norsk (281 timar)
- Valritt programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering (140 timar)
Du finn utfyllande informasjon i oversikta over fag- og timefordelinga for kvart utdanningsprogram.
Påbygging til generell studiekompetanse etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring
Dersom du tek påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd yrkeskompetanse, skal du ha følgjande fag:
- Historie (140 timar)
- Matematikk 2P-Y (140 timar)
- Naturfag (84 timar)
- Norsk (281 timar)