Rett til vidaregåande opplæring
Alle som har vitnemål for fullført norsk grunnskule eller dokumentasjon på tilsvarsande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Retten gjeld fram til du har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Det betyr at viss du stryk i eitt eller fleire fag, eller avbryt undervegs, har du likevel rett til opplæring heilt til du har fullført.
Viss du ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse innan det året du fyller 24, har du rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Viss du er mellom 19 og 24 år og har fullført grunnskule eller tilsvarande, kan du etter søknad få innvilga vidaregåande opplæring for vaksne.
Retten til inntak
- Når du søkjer Vg1, skal du oppgi tre alternative utdanningsprogram i prioritert rekkjefølgje. Du har rett til plass på eitt av desse.
- Du har rett til skuleplass i det fylket der du er bustadregistrert ved utløpet av søknadsfristen, men ikkje rett til plass ved ein bestemd skule.
- Etter gått gjennom Vg1 har du rett til to års vidaregåande opplæring innan eit programområde som byggjer på det utdanningsprogrammet eller programområdet du har valt, men du har ikkje rett til å få det programområdet du prioriterer høgast.
- Kva programområde du får tilbod om det andre og tredje året, er avhengig av tilbodet i heimfylket ditt. Karakterane dine kan avgjera om du kjem inn der du ønskjer.
Dersom du har fullført og bestått yrkesfagleg opplæring, har du rett til påbygging til generell studiekompetanse.
Ta opp fag som allerede er bestått
Retten til vidaregåande opplæring gjeld ikkje opplæring i fag som allereie er bestått. Viss faget er bestått, har du ikkje rett til meir opplæring i faget for å til dømes forbetra karakterane dine.
Unntak for denne føresegna gjeld dersom du tek omval eller viss du har teke fag på vidaregåande nivå på ungdomstrinnet. Då kan du sjølv velja om faget skal godkjennast, eller om du vil ta faget på nytt.
Rett til påbygging til generell studiekompetanse
Du har rett til påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fått yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev).
Dersom du vil søkja om påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fylt 24 år (skuleåret som byrjar det året du fyller 24), er det vidaregåande opplæring for vaksne som gjeld.
Påbygging for deg mellom 19 og 24 år
Frå det skuleåret som byrjar det året du fyller 19 år kan du velja å få påbygging til generell studiekompetanse etter reglane for vaksne dersom du ønskjer det.
Rett til omval
Dersom opplæringsløpet du har valt ikkje passar for deg, har du rett til å gjera omval. Omval betyr at du vel eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det du har byrja på.
Omval blir gjennomført før eit opplæringsløp er fullført. Dersom ein allereie har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse har ein ikkje rett til omval.
Omvalet må gjerast i samband med inntak. Ein har ikkje rett til omval midt i skuleåret.
- Du har rett til å gjera så mange omval du ønskjer fram til søknadsfristen for inntak det året du fyller 19 år.
- Dersom du ikkje har brukt retten til omval før du er 19 år, har du rett til eitt omval seinare.
- Du kan gjera omval til eit lågare trinn
- Du kan gjera omval på same trinn
Rett til yrkesfaglig rekvalifisering
Har du allereie oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men finn ut at du ønskjer (ein annan) yrkeskompetanse? Då har du rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Det betyr at du har rett til fag- og yrkesopplæring fram til éin ny sluttkompetanse innanfor eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
Viss du bruker denne retten, følgjer du reglane som gjeld for vidaregåande opplæring for vaksne