Minoritetsspråklege søkjarar
For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha gyldig opphaldsløyve, permanent eller avgrensa. I tillegg må du ha
- gjennomført norsk grunnskole eller
- gjennomført allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år eller
- tilsvarande realkompetanse som fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne, vurdert av kommunen.
Ventar på vedtak om opphaldsløyve
Er du lovleg i landet og ventar på vedtak om opphaldsløyve, gjeld følgjande:
- Er du under 18 år og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i mer enn tre månedar, har du rett til vidaregåande opplæring.
- Fyller du 18 år i løpet av eit skoleår, har du rett til å fullføre påbegynt skoleår.
Får du avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregående opplæring fram til endeleg vedtak.
Norden og EØS
Ungdom frå dei nordiske landa eller barn av arbeidstakarar frå andre EØS-land har same rett til vidaregåande opplæring som ungdom med utdanning frå norsk grunnskole (sjå òg Skolegang i utlandet).
Folkeregisteret
Vanligvis må du vere registrert i folkeregisteret før søknadsfristen for å bli vurdert for inntak.
Utan norsk karaktergrunnlag
Har du ikkje et karaktergrunnlag som er samanliknbart med det norske, vil du bli vurdert individuelt (sjå òg Inntak etter individuell behandling).
Norsk språk
Det blir ikkje stilt spesielle krav til norskkunnskapar for inntak til vidaregående opplæring.
Tilbod for minoritetsspråklege
Du er minoritetsspråkleg dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.
- Dersom du ikkje har tilstrekkelege ferdigheiter i norsk, har du rett til særskilt språkopplæring.
- Du kan også få tilbod om innføringsopplæring for minoritetsspråklege søkjarar
Sidan fylkeskommunane har ansvaret for å leggje opplæringa til rette for minoritetsspråklege søkjarar, kan inntaksreglane og tilboda variere frå fylke til fylke. Søknadsfristen er 1. februar for minoritetsspråklege med behov for tilrettelegging.
Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, har du rett til særskilt norskopplæring inntil du har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.
Skolen skal kartleggje norskkunnskapane dine før det blir gjort vedtak om særskilt språkopplæring. Kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa slik at det kan fastsetjast når du kan gå over til den vanlege opplæringa.
Har du behov for særskilt norskopplæring, er det tre moglegheiter:
- Du kan følgje læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Denne læreplanen er aldersuavhengig og nivådelt, og du får ikkje karakter i norsk. Du følgjer denne læreplanen inntil du kan gå over til den ordinære læreplanen i norsk.
- Du kan følgje fastsett læreplan i norsk for elevar i vidaregåande opplæring med kort butid i Noreg. Det er frivillig å følgje denne læreplanen.
- Du kan følgje den ordinære læreplanen i norsk med tilpassingar.
Når du får eller har fått særskilt norskopplæring, er du friteken frå opplæring i skriftleg sidemål.
Dersom det er nødvendig, har du også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i andre fag enn norsk eller begge delar.
Særskilt norskopplæring og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen du går på, morsmåslopplæring kan givast på ein annan skole.
Dersom morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale, skal det så langt som mogleg leggjast til rette for anna opplæring tilpassa dine føresetnader.
Dokumentasjon av kunnskaper i fremmedspråk
I studieforberedende utdanningsprogram skal du ha fellesfaget fremmedspråk i tillegg til engelsk. Behersker du et språk godt, enten det er morsmålet ditt eller et annet språk, kan det være mulig å dokumentere den kompetansen du har ved å gå opp til muntlig og skriftlig privatisteksamen i språket ditt.
Som privatist kan du ta eksamen i følgende fremmedspråk:*
- Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, bulgarsk, dari, estisk, filipino, finsk, fransk, hebraisk, hindi, islandsk, italiensk, japansk, kantonesisk, kinesisk (tidligere navn mandarin), koreansk, kroatisk, kurdisk (sorani), kurdisk (kurmanji), latvisk, litauisk, lulesamisk, nederlandsk, nordsamisk, nygresk, oromo, panjabi, pashto, persisk, polsk, portugisisk, rumensk, russisk, serbisk, somali, spansk, sørsamisk, tamil, tegnspråk, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, ukrainsk, ungarsk, urdu og vietnamesisk.
Alternativt kan du velge å ta privatisteksamen i ett av språkene ovenfor og få dette godskrevet som programfag. Dette får du vite mer om av rådgiveren eller ledelsen ved skolen din.
*Vær oppmerksom på at språkene det arrangeres eksamen i kan variere fra år til år, men fjernes et språk fra eksamenstilbudet, vil det være overgangsordninger.