Fråvær
Fråværsreglar for karakter i enkeltfag
Frå og med 1. august 2025 skal du levera eigenerklæring for sjukdomsfråvær som ligg innanfor fråværsgrensa på ti prosent. Når du har nådd grensa på ti prosent fråvær i eit fag, må du dokumentera sjukefråværet med attest frå helsepersonell.
Dokumentert fråvær
Viss du har gyldig grunn til å vera borte frå undervisninga, er det viktig at du kan dokumentera det, slik at fråværet ikkje tel.
Dei gyldige grunnane til å vere borte frå undervisninga er
- sjukdom eller andre helseforhold
- velferdsforhold
- arbeid som tillitsvald
- politisk arbeid
- hjelpearbeid
- lovpålagt oppmøte
- representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå
- religiøs høgtid for medlemmer av eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja (inntil 2 skoledagar)
- møte med rådgivar, elevrådsarbeid og organisert studiearbeid etter avtale med faglærar eller rektor
- enkelte køyretimar som er vanskelege å kombinere med skolekvardagen:
- obligatorisk tryggleikskurs på bane (4 timar)
- praktisk øving i landevegskøyring (5 timar)
- planlegging og køyring i variert trafikkmiljø (4 timar)
- teoretisk og praktisk førarprøve
Fråværsreglar ved udokumentert fråvær
Dersom du er borte frå undervisninga utan å dokumentere fråværet ditt, gjeld desse fråværsreglane:
- Dersom du har over 10 % udokumentert fråvær i enkeltfag, vil du som hovudregel ikkje få karakter i faget.
- Rektor har likevel høve til å gjere ei vurdering i enkelttilfelle for fråvær opp til 15 %. Rektor kan bruke skjønn når det til dømes gjeld elevar i ein vanskeleg livssituasjon – der årsakene til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal få karakter i faget.
- Dersom du totalt sett har meir enn 15 % udokumentert fråvær i enkeltfag, vil du ikkje få karakter i faget.
- Fråværet skal berre avreknast ein gong. Dette skal skje på slutten av skuleåret.
Korleis blir fråværet ført på sluttdokumentasjonen?
Fråværet ditt blir ført i dagar og enkelttimar på sluttdokumentasjonen.
- Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
- Du kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset dersom du legg fram dokumentasjon.
- Får du ikkje standpunktkarakter eller ønskjer å forbetre dårlege karakterar, må du ta eksamen som privatist. Men sjølv om du gjer dette, får du ikkje fjerna fråværet ditt frå dokumentasjonen.
Fråvær som ikkje skal førast på vitnemålet
Innanfor ei ramme på 10 skoledagar kan du krevje at fråvær ikkje blir ført dersom du kan dokumentere at det skuldast
- sykdom eller andre helseforhold som er dokumentert med legeattest
- velferdsforhold
- arbeid som tillitsvald
- politisk arbeid
- hjelpearbeid
- lovpålagt oppmøte
- representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå
- religiøs høgtid for medlemmer av eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja (inntil 2 skoledagar)