Hopp til hovedinnhold

Inntak etter individuell behandling

Individuell behandling – inntak til Vg1

Du skal ikkje takast inn etter poeng, men etter ei individuell behandling viss du

  • manglar karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskulen.
  • har gått på ein godkjent tiårig grunnskule og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar.
  • har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter ei realkompetansevurdering.
  • må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar.

Blir du teken inn etter individuell behandling, har du ikkje rett til inntak på eit særskilt utdanningsprogram, men rett til inntak på eitt av tre prioriterte utdanningsprogram.
 

Individuell behandling – inntak til Vg2 og Vg3

Du skal ikkje takast inn etter poeng, men etter ei individuell behandling viss du

  • har dokumentasjon utan bokstav- eller talkarakterar, eller ikkje har samanliknbart karaktergrunnlag.
  • har vedtak om individuell tilrettelegging på førre trinn, og på grunn av vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag på Vg1 eller Vg2.
  • planlegg å følgja vidaregåande opplæring med individuelt utvalde kompetansemål.
  • må behandlast individuelt av andre særlege, tungtvegande grunnar.
  • Ikkje bestått eitt eller fleire fag på førre trinn.

    Ved individuell behandling må fylkeskommunen vurdera om det er dokumentert at du har den kompetansen som er nødvendig for å følgja opplæringa på neste trinn, og om du samla sett har faglege føresetnader for å følgja opplæringa på dette nivået.

Føresegnene om inntak etter individuell behandling finst i opplæringsforskrifta (§ 4-20 og § 4-26).

Disse fylkene har tilleggsinformasjon til dette punktet