Inntaksreglar i fylket
Fylka har eigne reglar som bestemmer kva skular du kan søkja på. Vanlegvis følgjer inntaksreglane i fylket eitt av desse tre prinsippa:
- Du kan søkja på alle skular i fylket.
- Du kan søkja på skular som ligg i din del av fylket (regionen din).
- Du må søkja den skulen som ligg nærast der du bur (som tilbyr det utdanningsprogrammet du ønskjer).
I fylke der du kan velja mellom skular, vil karakterane dine vera med på å avgjera kva skule du kjem inn på.
Det blir rekna ut ein poengsum på grunnlag av karakterane dine.