Hopp til hovedinnhold

Opplæring for høyrselshemma

Elevar med høyrselshemming har rett til å få opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller til å gå på vidaregåande skular som har opplæring i og på norsk teiknspråk.

Elevar som går på ordinære vidaregåande skular, og som bruker tolk, kan i tillegg velja å få opplæring i norsk teiknspråk.

Retten til å gå på vidaregåande skular som tilbyr opplæring i og på norsk teiknspråk gjeld berre for dei utdanningsprogramma og -områda skulen faktisk tilbyr. Ein del av denne opplæringa kan givast med hjelp av ein teiknspråktolk

Opplæring i og på teiknspråk følgjer av § 6-3 i opplæringslova. Retten gjeld elevar, men ikkje lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Opplæring i og på teiknspråk

Fire offentlege vidaregåande skular er tilrettelagde for teiknspråklege elevar:

  • Nydalen vidaregåande skule i Oslo
  • Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen
  • Hetland vidaregåande skule i Stavanger
  • Tiller vidaregåande skule i Trondheim

Skolene tilbyr eit teiknspråkleg miljø og tek imot elevar frå heile landet. Elevane følgjer læreplanar for opplæring i og på teiknspråk. Undervisninga går dels føre seg i eigne teiknspråklege grupper, og dels i ordinære klassar med tolk. Skulane skal ha eit stort utval av utdanningsprogram for å sikra teiknspråklege elevar like valmoglegheiter som talespråklege elevar.

Skulane som tilbyr opplæring i og på teiknspråk, samarbeider med ordinære vidaregåande skular for å tilby teiknspråklege elevar breiast mogleg val av utdanningsprogram samtidig som dei har basis i eit teiknspråkleg miljø.

Får du opplæring ved ein knutepunktskule, har du rett til opplæring etter læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for elevar med teiknspråk og engelsk for elevar med teiknspråk

Du må søkja om opplæring i og på teiknspråk

Søknaden skal sendast til til fylkeskommunen du bur i. Du må skriva i søknaden om du ønskjer vidaregåande opplæring med teiknspråktolk i ein ordinær vidaregåande skule, eller i og på teiknspråk ved ein skule med eit teiknspråkleg miljø.

Søknadsprosessen kan variera noko frå skule til skule. Det er derfor viktig å kontakta den spesifikke skulen du er interessert, eller inntakskontoret i fylket ditt for å få heilt nøyaktig informasjon.

Søknadsfristen er 1. februar

Tilbud ved privatskule

Briskeby vidaregåande skule i Lier (Buskerud) tilbyr talespråkleg opplæring støtta av høyrselstekniske hjelpemiddel i små klassar til ungdom med nedsett høyrsel og andre høyrselsutfordringar. Skulen er landsdekkjande privatskule med rett til statstilskot og er eigd av Hørselshemmedes landsforbund, HLF. Det betyr at undervisninga er gratis. Elevar frå heile landet kan søkja skuleplass ved Briskeby. Søknadsskjema finn du på nettsida til skulen.

Les meir om opplæringstilbodet ved Briskeby videregående skole.

Signo kompetansesenter gir vidaregåande opplæringstilbod til døvblinde og høyrselshemma med ulike funksjonshemmingar. Signo gir individuelt tilpassa og praktisk tilrettelagd opplæring i eit teiknspråkmiljø. Elevar frå heile landet kan søkja skuleplass ved Signo kompetansesenter.

Les meir om opplæringstilbodet ved Signo grunn- og videregående skole

Kjelder: