Hopp til hovedinnhold

Poengsum og karakterar

Poengberekning til Vg1

Når du skal konkurrera deg inn på grunnlag av karakterane dine, blir det brukt ein poengsum.

Poengsummen blir rekna ut på grunnlag av sluttkarakterane dine frå grunnskulen. Det er avsluttande karakterar i alle fag som blir lagde til grunn, det vil seia alle standpunkt- og eksamenskarakterar.


Slik reknar du ut poengsummen din:

Sum av alle karakterar ÷ talet på karakterar × 10 = poengsum

  1. Legg saman alle talkarakterane dine.
  2. Del summen på talet på karakterar.
  3. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, blir multiplisert med 10.
  4. Resultatet er poengsummen din
  • Kvar enkelt talkarakter skal teljast som poeng med same verdi som karakteren.
  • Valfag skal telja med éin karakter. Har du standpunktkarakterar i meir enn eitt valfag, bruker du gjennomsnittskarakteren av standpunktkarakterane du har fått (ta med to desimalar).
  • Fag med sluttvurderinga «Delteke» eller «Bestått» skal ikkje telja med i poengberekninga.
  • Har du fritak for opplæring eller vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje faget telja med i poengberekninga.
  • Har du fått IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eit fag eller IM (ikkje møtt til eksamen) utan dokumentert fråvær, skal dette likevel telja med i berekninga, med poengverdien 0.
  • Har du fått IM (ikkje møtt til eksamen) med dokumentert fråvær, påverkar ikkje dette poengsummen.

Om du står heilt likt med andre i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja avgjord mellom dykk ved loddtrekking.


Poengberekning til Vg2 og Vg3

Når du skal konkurrera deg inn på grunnlag av karakterane dine, blir det brukt ein poengsum.

Når du søkjer Vg2, blir poengsummen berekna ut frå alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og halvårsvurderingar med karakter frå Vg1.

Når du søkjer Vg3, blir poengsummen berekna ut frå alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og halvårsvurderingar med karakter frå både Vg1 og Vg2.


Slik reknar du ut poengsummen din:

Sum av alle karakterar ÷ talet på karakterar × 10 = poengsum

  1. Legg saman alle talkarakterane dine.
  2. Del summen på talet på karakterar.
  3. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, blir multiplisert med 10.
  4. Resultatet er poengsummen din
  • Kvar enkelt talkarakter skal telja som poeng med same verdi som karakteren.
  • I fag der det er fastsett at sluttvurderinga skal vera «Delteken» eller «Bestått», eller der det ikkje skal gjennomførast sluttvurdering, skal faget ikkje telja med i poengberekninga.
  • Har du fritak for opplæring eller vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje faget telja med i poengberekninga.
  • Har du fått IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eit fag eller IM (ikkje møtt til eksamen) utan dokumentert fråvær, skal dette likevel telja med i berekninga med poengverdien 0.
  • Har du fått IM (ikkje møtt til eksamen) med dokumentert fråvær, påverkar ikkje dette poengsummen.
  • Har du gått fleire ulike utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak til neste trinn, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
  • Har du teke eit fag i vidaregåande opplæring som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.

Om du står heilt likt med andre i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja avgjord mellom dykk ved loddtrekking.

Sist endret: 17.10.2025

Disse fylkene har tilleggsinformasjon til dette punktet