Hopp til hovedinnhold

Privatskoler

Du har høve til å ta vidaregåande opplæring ved ein privatskule. Desse skulane tilbyr opplæring etter offentlege læreplanar, eller etter læreplanar som Utdanningsdirektoratet har vurdert som jamgode med desse. Privatskulane som er godkjende etter privatskulelova gir standpunktkarakterar og ferdar ut vitnemål.

Du kan søkja på privatskular kvar som helst i landet, og er ikkje avgrensa til å velja skule innan ditt eige fylke.

 

Opplæringstilbudene

Dei fleste privatskular gir ei opplæring som svarer til vidaregåande opplæring i offentleg skule. Læreplanane til privatskulane er då anten heilt like læreplanane i offentleg skule, eller dei er godkjende som alternative planar som er rekna som jamgode med offentleg skules læreplanar.

Privatskular med læreplanar som er heilt like dei det blir underviste etter i offentleg skule, finst over heile landet. Opplæringstilbod innan studieførebuande utdanningsprogram er det vanlegaste, men opplæringstilbod innan utdanningsprogramma naturbruk, medium og kommunikasjon, helse- og oppvekstfag og andre yrkesfaglege utdanningsprogram finst òg.

Nokre privatskular tilbyr likevel ein eitt- eller toårig yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt i offentleg skule.

 

Alternative læreplanar

Privatskoler med alternative læreplanar kan delast inn i tre hovudkategoriar:

  1. Skular baserte på alternativ pedagogikk. Dei aller fleste privatskulane med alternativ pedagogikk er steinerskular. Du kan lesa meir om desse skulane under menypunktet Steinerskoler.
  2. Livssynsskular, hovudsakleg kristne skular. Desse skulane kan du lesa meir om under menypunktet Kristne privatskular.
  3. Skular med toppidrett. Desse skulane tilbyr vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett. Les meir om desse skulane under menypunktet Toppidrettsgymnas.

 

Skulepengar

Sjølv om godkjende privatskular får statstilskot, må elevane vanlegvis betala skulepengar. Det er eit maksbeløp for kor mykje skulane kan ta i skulepengar. Maksbeløpet varierer avhengig av utdanningsprogrammet skulen tilbyr.

Gratisprinsippet for trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr gjeld også for privatskular. Det same gjeld ordninga med utstyrsstipend (forvalta av Lånekassen). Du kan også søkja Lånekassen om lån til dekning av skulepengar.

 

Private skular utan rett til statstilskot

Det finst også private skular utan rett til statstilskot. Desse skulane tilbyr ofte opplæring etter offentlege læreplanar, men dei gir ikkje standpunktkarakterar. Elevar ved slike skular må gå opp til eksamen i alle fag som privatist. Fordi desse skulane ikkje får statstilskot, kan det vera svært kostbart å vera elev ved dei.

På vilbli.no finn du berre informasjon om private skular som er godkjende etter privatskulelova og som altså får statstilskot.

Om privatskoler
Kristne friskoler
Steinerskoler
Toppidrettsgymnas
Slik søker du privatskoler
Interesseorganisasjoner for privatskoler