Hopp til hovedinnhold

Samisk og finsk

Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk. Samisk kan veljast som første- eller andrespråk. Dersom skolen din ikkje kan gi opplæring i samisk, kan du til dømes få opplæring via fjernundervisning, intensivundervisning eller spesielle leirskoleopphald. Fylkeskommunen kan tilby opplæring i eller på samisk på visse skolar eller i visse grupper.

Finsk som andrespråk i den vidaregåande opplæringa er i første rekkje eit tilbod til elevar frå dei kvensk-finske miljøa i Troms og Finnmark.

Både samisk og finsk kan i tillegg bli tilbydd som framandspråk.

Samisk videregående skole i Karasjok og Samisk videregående skole og reindriftsskole i Kautokeino er statlege skolar. Der stiller søkjarar frå heile landet likt. Men dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er plassar til ved desse skolane, har samiske søkjarar førerett. Søkjarar som berre kan få oppfylt fagønska sine ved desse to skolane, går framom søkjarar som kan få oppfylt ønska sine ved ein annan skole.

Kunnskapsløftet – Samisk

Det er utvikla eigne læreplaner for Kunnskapsløftet – Samisk. Dette er likeverdige og parallelle læreplaner for opplæring i samiske distrikt og for elevar utanfor samiske distrikt som får samisk opplæring. I vidaregåande opplæring gjeld dette fellesfaga samfunnsfag, naturfag, geografi, historie og religion og etikk i tillegg til læreplanene i samisk språk og norsk for elevar med samisk.

Særskilte samiske læreplaner i programfag er utvikla i

  • samisk historie og samfunn
    (studiespesialisering, programområde for språk, samfunnsfag og økonomi)
  • samisk visuell kultur
    (studiespesialisering, programområde for formgjevingsfag),
  • samisk musikk og scene (musikk, dans og drama)
  • design og duodji (design og handverk)
  • reindrift (naturbruk)

 

Samisk som første- eller andrespråk

Samisk som førstespråk

Dersom du vel samisk som førstespråk, må du ha forkunnskapar som svarar til samisk som førstespråk i grunnskolen. I tillegg skal du følgje ein eigen læreplan i norsk for elevar med samisk som førstespråk. Men dersom du ønskjer det, kan du få opplæring etter den ordinære læreplanen i norsk. Du vil i så fall få fritak for opplæring og vurdering i sidemål. Du kan velje samisk som førstespråk i både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Samisk som andrespråk

Dersom du vel samisk som andrespråk, skal du i tillegg følgje den ordinære læreplanen i norsk, men du får fritak for opplæring og vurdering i sidemål. Du kan velje samisk som andrespråk i både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Elevar som har samisk som andrespråk, kan ha ulike forkunnskapar. Nokre har hatt samisk språkopplæring i grunnskolen, medan samisk for andre er eit heilt nytt språk. Læreplanen for samisk som andrespråk er bygd opp med kompetansemål på 9 nivå. Derfor er det mogleg å velje å få opplæring etter tre ulike alternativ, med tre ulike krav til sluttkompetanse:

Samisk som andrespråk – samisk 2

  • Dersom du har hatt samisk 2 på ungdomstrinnet (kompetansemål på nivå 4–6), held du fram med samisk 2 i vidaregåande opplæring (kompetansemål på nivå 7–9).
  • Samisk 2 er det alternativet i samisk som andrespråk som har høgast krav til måloppnåing.
  • Etter Vg3 skal du ha kunnskapar og tryggleik til å bruke samisk både skriftleg og munnleg, og vere funksjonelt tospråkleg.

Samisk som andrespråk – samisk 3

  • Har du hatt samisk 3 i grunnskolen (kompetansemål på nivå 1–3), held du fram med samisk 3 i vidaregåande opplæring (kompetansemål på nivå 4–6).
  • Det er ikkje eit mål at du skal vere tospråkleg.
  • Etter Vg3 vil du ha oppnådd krava til om lag 2/3 av læreplanen i samisk som andrespråk, og du har derfor seinare høve til å fullføre heile faget, samisk 2, som privatist.

Opplæring i både samisk og framandspråk?

Vel du samisk som første- eller andrespråk, har du ikkje plass til framandspråk som fellesfag innanfor den ordinære timeramma i studieførebuande utdanningsprogram. Ønskjer du likevel å ta framandspråk som fellesfag, må du ta det utanfor timeramma. Dersom skolen din tilbyr det, kan du velje framandspråk som programfag.

Har du opplæring i samisk, er du friteken frå opplæring i framandspråk. Dersom du likevel vel framandspråk i vidaregåande opplæring utan å ha hatt faget i grunnskolen, skal du ha 225 timar framandspråk på nivå I. For å få timar til framandspråk blir det brukt 140 timar frå valfritt programfag. Dei resterande 85 timane blir tekne som tilleggstimar.

Sist endret: 25.08.2025