Hopp til hovedinnhold

Søk om utstyrsstipend

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er pengar du kan få for å dekkja det du treng av utstyr til utdanningsprogrammet ditt. Kva du treng, varierer mykje – og derfor varierer også kor mykje stipend du får.

 

Kven kan få utstyrsstipend?

Du kan få utstyrsstipend om du:

  • Går på Vg1, Vg2 eller Vg3
  • Er under 21 år
  • Ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare

Dei som har læretid i bedrift har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til .

 

Slik søkjer du om utstyrsstipend

  • Søk når du har fått skuleplass og har takka ja
  • Gå til vigo.no eller lanekassen.no
  • Logg inn med MinID eller BankID
  • Du bruker éin søknad for alle typar stipend – Lånekassen sjekkar automatisk om du har rett til andre støtteordningar

 

Kor mykje får du?

  • Beløpet varierer etter kva utdanningsprogram du tek
  • Heile stipendet blir utbetalt i første termin (halvparten om du søkjer for berre eitt semester)

 

Sjekk kor mykje du kan få Lånekassens nettsider

 

Om du byter utdanningsprogram

Om du byter til eit utdanningsprogram som gir rett til meir stipend, må du søkja på nytt for å få utbetalt differansen.

 

Vidaregåande i utlandet

Om du tek inntil eitt år av vidaregåande i utlandet, kan du få same beløp i utstyrsstipend som om du tok utdanningsprogrammet i Noreg.

Sist endret: 01.09.2025