Stipend og lån frå Lånekassen
Stipend
Er du elev i vidaregåande skule, er under 21 år og ikkje har fullført vidaregåande tidlegare, kan du søkja om stipend frå Lånekassen.
- Alle elevar får utstyrsstipend.
- Nokre elevar kan få bortebuarstipend.
- Nokre elevar kan få inntektsavhengig stipend.
Du kan få stipend i ti månader per skuleår.
Lån
Du kan få lån frå Lånekassen om du er over 18 år og oppfyller eitt av desse kriteria:
- Du bur ikkje saman med foreldra dine.
- Du går på ein privat vidaregåande skule der du må betala skulepengar.
- Du har barn.
- Du er gift.
Hugs at lån må betalast tilbake. Når du er ferdig med å få støtte frå Lånekassen, byrjar du å betala tilbake litt kvar månad – med renter.
Slik søkjar du
Når du har takka ja til skuleplass, kan du søkja om stipend og eventuelt lån på lanekassen.no. Det er éin felles søknad uansett kva type støtte du vil ha.
- Du loggar inn med MinID eller BankID – akkurat som då du søkte skuleplass.
- Det er lurt å søkja så snart du har fått skuleplass, helst før skulestart.
Kva er utstyrsstipend?
Utstyrsstipend er pengar du kan få for å dekkja det du treng av utstyr til utdanningsprogrammet ditt. Kva du treng, varierer mykje – og derfor varierer også kor mykje stipend du får. Stipendet gjeld for dei fleste elevar i vidaregåande skule, og det er lett å søkja. Du må sjølv senda inn søknad til Lånekassen for å få pengane.
Reglar for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse
Du kan søkja stipend og lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring viss punkta gjeld:
Du er under 21 år. Det vil seia fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skuleåret startar.
Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
Du tek ikkje fag på vidaregåande som privatist.
Dei som har læretid i bedrift har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend.
Sjekk kva du kan få i utstyrsstipend på Lånekassens nettsider
Overgangsordning for deg mellom 21 og 24 år
Fyller du 21 til 24 år i 2025 og fekk stipend frå Lånekassen i skuleåret 2023-2024? Dersom du ikkje oppnådde studie- eller yrkeskompetanse før skuleåret 2025-2026, kan det vera du kan få utstyrsstipend i 2025-2026, sjølv om du er over 21 år. Det er på grunn av nye reglar og ei overgangsordning som gjeld ut skuleåret 2025-2026.
Du kan ha rett til bortebuarstipend dersom du må bu borte heimanfrå når du er i vidaregåande opplæring. I tillegg må minst eitt av krava nedanfor vera oppfylte:
- Avstanden mellom foreldreheim og skule er fire mil eller meir kvar veg.
- Reisetida mellom foreldreheim og skule er tre timar eller meir tur-retur. Skulen må stadfesta dette.
- Særlege forhold av personleg eller sosial karakter som gjer at du ikkje kan bu heime
Om du bur med foreldre og du er gift eller forsørgjer eit barn som du bur saman med, kan du også få bortebuarstipend.
Du kan også ha rett til reisestipend om du ikkje bur saman med foreldra dine.
Sjekk kva du kan få i bortebuarstipend på Lånekassens nettsider
Inntektsavhengig stipend er meint å vera eit bidrag til å dekkja levekostnader for elevar frå familiar med svak økonomi. Kva du får, er mellom anna avhengig av økonomien til begge forsørgjarane dine, og kor mange søsken du har.
Sjekk kva du kan få i inntektsavhengig stipend på Lånekassens nettsider
Under 18 år?
Om du er under 18 år, må éin av foreldra dine signera ein avtale om støtte for deg. Dette kan dei gjera elektronisk. Om dei har oppretta ei digital postkasse, får dei svaret i den digitale postkassa, og kan signera for deg med ein gong. I andre tilfelle kan forelderen signera avtalen på papir og senda han i retur til Lånekassen.
Les meir om digital postkasse (Digipost eller e-boks) på norge.no
Søknadsfrister
Søknaden må vera kommen inn til Lånekassen innan
- 15. november for haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Om du søkjer på hausten, kan du søkja for heile skuleåret.