Hopp til hovedinnhold

Inntaksreglar

Inntak til Vg1

For å bli teke inn til eit utdanningsprogram på Vg1 er hovudregelen at du må ha gått gjennom norsk grunnskule eller tilsvarande.

På 10. trinn må du velja kva utdanningsprogram du skal søkja på. Du må sjølv søkja om plass i vidaregåande skule. Hovudregelen er at du skal søkja plass i fylket du bur i.

  • Du har rett til å komma inn på eitt av dei tre utdanningsprogramma du ønskjer mest.
  • Sluttkarakterane dine frå 10. trinn kan vera med på å avgjera om du kjem inn på førsteønsket ditt.
  • Kvart fylke har eigne reglar som bestemmer kva skular du kan søkja på.
     

Inntaksreglar i fylket

Fylkene har eigne reglar som bestemmer kva skular du kan søkja på. Vanlegvis følgjer inntaksreglane i fylket eitt av desse tre prinsippa:

  • Du kan søkja på alle skular i fylket.
  • Du kan søkja på skular som ligg i din del av fylket (regionen din).
  • Du må søkja den skulen som ligg nærast der du bur (som tilbyr det utdanningsprogrammet du ønskjer).

I fylke der du kan velja mellom skular, vil karakterane dine vera med på å avgjera kva skule du kjem inn på. Det blir rekna ut ein poengsum på grunnlag av karakterane dine.

 

Inntak til Vg2 og Vg3

Hovedregelen for inntak til Vg2 og Vg3 er at du har bestått alle fag på førre trinn. Dette gjeld både fag der det er sett standpunkt- og eventuelt eksamenskarakter og fag der det er sett halvårsvurdering med karakter.

 

Andre vilkår (dokumentert dugleik / intervju)

Fylkeskommunen kan bestemme at inntil halvparten av søkjarane til Vg1 i utdanningsprogramma for idrettsfag og musikk, dans og drama kan bli tekne inn på grunnlag av dokumentert dugleik eller inntaksprøve i kombinasjon med karakterar.

For inntak til spesielle yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkes- og studiekompetanse , kan fylkeskommunen bestemme at inntaket skal skje etter poeng og intervju.

 

Søkjarar utan bokstav- eller talkarakterar

Har du fullført ein godkjend 10-årig grunnskole, men har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, søkjer du Inntak etter individuell behandling. Det samme gjeld om du har fullført Vg1 eller Vg2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller tallkarakterar. Dette gjeld for eksempel deg som har vore elev ved Steinerskolen.

 

Spesielle krav til yrkesutøving

Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, sjøl om dei same krava ikkje blir stilte for å bli teken inn til vidaregåande opplæring. Det kan vere krav om politiattest, krav til syn, høyrsel o.l. Du bør derfor lese om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i, før du bestemmer deg for kva du vil søkje.

Sist endret: 07.10.2025

Disse fylkene har tilleggsinformasjon til dette punktet